Hopp til innhold

Må blåse alkotest før bussen startar

SKIEN (NRK): Alle Nettbuss sine bussar i Telemark får nå alkolås. Trygg Trafikk meiner passasjerane nå kan føle seg tryggare.

Alle Nettbuss sine nye bussar i Grenland får alkolås.

Bussjåfør Terje Strøm i Nettbuss må blåse i alkolåsen før han får han får start på bussen.

Bussjåførane i Nettbuss Sør, avdeling Telemark får nå opplæring på dei nye gule bussane som skal vere i drift i Grenland frå 1. juli.

For bussjåførane i Nettbuss i Telemark skal det bli rutine å blåse i alkolåsen. Og ingen får starte bussen før alkotesten er godkjent.

Wenche Fougner, Telemark fylkeskommune

Wenche Fougner i Telemark fylkeskommune.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bussjåfør Terje Strøm fortel at alkolåsen får ei blanda mottaking blant kollegaene.

– Det er nok begge delar, for det er noko nytt. Men det skal bli rutine å blåse i alkotesten før du får starta bussen. Og vi må blåse i alkotesten kvar gong det blir bytta sjåfør på bussen, for det skal ikkje vere mogleg å få starte viss du ikkje er edru, seier Strøm.

Les også: Setter inn alkolås etter fyllekjøring med buss

Naturleg å krevje alkolås

Vegdirektoratet kom i 2013 med ei oppmoding til fylkeskommunane om å installere alkolås i bussar.

Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, generalsekretær i MA

Elisabeth Fjellvang Kristoffersen i MA.

Foto: MA-Norge

Nettbuss har kjøpt 92 nye bussar etter at dei vann anbodsrunden om den nye avtalen for kollektivtransport i Grenland. Telemark fylkeskommune sette som vilkår at alle bussane skal ha montert alkolås.

– Det har vore fokus på det frå politikarane også, så då var det naturleg for oss å ta det med i kontrakten, seier Wenche Fougner, rådgivar for kollektivtransport i Telemark fylkeskommune.

Les også: – Går litt for fort frem med alkolås-påbudet

MA har alkolås som fanesak

Våren 2015 vedtok Stortinget at alle som driv persontrafikk med buss og taxi skal ha montert alkolås. I vegdirektoratet opplyser Anne Beate Budalen at eit forslag til korleis dette skal bli gjennomført vil bli klart for å bli sendt ut på høyring til hausten.

– Det er nok ein del fylkeskommunar som ventar på dette forslaget. Ei undersøking vi gjorde for to år sidan viste at det var ingen fylkeskommunar som hadde alkolås i alle sine bussar, seier generalsekretær i MA rusfri trafikk og livsstil, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

Brita Straume, Trygg Trafikk

Brita Straume i Trygg Trafikk.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Den landsdekkande organisasjonen har hatt alkolås i alle køyretøy som fanesak sidan 2003. Dei har som langsiktig mål at ingen skal dø eller bli skada i trafikken.

Fjellvang Kristoffersen er glad for det vedtaket som politikarane i Telemark har gjort.

– Det viser at Telemark fylkeskommune tar trafikktryggleik på alvor.

Les også: Alkolås og fartstilpasning kan gi langt færre drepte i trafikken

Kan kjenne seg tryggare

I Trygg Trafikk seier Brita Straume at mange foreldre nå vil kjenne seg tryggare når dei sender barna med skolebussen.

– Eg veit at det er nokon foreldre som er urolege for det. Og alle som tar bussen kan no kjenne seg trygge på at dei ikkje har ein sjåfør som har alkohol i blodet, seier Straume.

Bussjåfør Terje Strøm og ein ny buss med alkolås

Bussjåfør Terje Strøm ved ein av dei 92 nye bussane som har fått alkolås.

Foto: Ragnar Lurås / NRK