Hopp til innhold

Åge Samuelsen kjem på museum

Det er ein historisk dag i Skien når Broder Åge kom på museum. Eller rettare sagt tinga hans. Og det er barna og familien til Åge Samuelsen som har overlevert gjenstandane.

Åge Samuelsen til Telemark Museum

BRODER ÅGE: Familien til Åge Samuelsen har overlevert mange gjenstandar som høyrde til predikanten og musikaren til Telemark Museum.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Telemark museum er veldig glade for å få denne samlinga av ting frå Åge Samuelsen sitt liv. Han er ein av dei mest kjente Skiensborgarane, og var kjent over heile landet.

Ein kulturpersonlegdom, ein religiøs leiar, musikar og hotell Dalens redningsmann.

Ellen Rodvang med Åge sin rosa dress

Ellen Rodvang med den rosa dressen til Åge Samuelsen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Leiar for samlingsforvaltninga, Ellen Rodvang, seier tinga blir i Telemark Museum og det kjem ei Åge Samuelsen utstilling, men ho veit ikkje når og kor det blir.

– Eg er veldig glad. Åge Samuelsen er ein Skiens store søner. Han blei viktig i samtida både som musikar og religiøs leiar.

Åge Samuelsen til Telemark Museum

Ellen Rodvang, leiar for Samfunnsminnet, Telemark Museum, Kirsten Tangen, arkivar, Telemark Museum, Richard Gjems frå Nasjonalbiblioteket og Rosa Werina Samuelsen frå familien Samuelsen.

Foto: Kristin Berge / Telemark Museum

Les også: «Broder Aage» 100 år

Glad det blir tatt vare på

Det er ein av dei aller mest kjente telemarkingane som no får plass på museum. For familien var det ein veldig spesiell dag.

Rosa Werina Samuelsen med gitaren til Åge Samuelsen

Rosa Werina Samuelsen med den første gitaren.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dotter til Åge Samuelsen, Rosa Werina Samuelsen, er veldig glad for at tinga etter faren blir tatt vare på.

– Det blir moro. Det er fint at det blir tatt vare på. Eg trur han ville vore veldig nøgd sjølv, seier ho til NRK.

Blant det som no hamnar på museum er den første gitaren til Åge Samuelsen.

– Den kjøpte mor hans på auksjon. Om han brukte denne gitaren då han gjekk ifrå Skien til Larvik, veit eg ikkje. Men vi trur han laga den første songen "Måneskinnsnatt" med denne gitaren.

Åge Samuelsen på Telemark Museum

Christer Karlsson (son av avdød Kenneth Samuelsen og barnebarn av Åge), dotter Edna Kallevik, barnebarn Connie Hansen, dotter Rosa Werina Samuelsen og son Åge Rudolf Samuelsen.

Foto: Kristin Berge / Telemark museum

Omstridt og elska

Åge Samuelsen var omstridd og elska. Vekkelsespredikant, musikar, provokatør og debattant. I tillegg får han æra for å ha redda ærverdige Hotell Dalen

Åge Samuelsen var ikkje av dei som gjekk stille gjennom livet, og mange hugsar han sjølv om han døydde for tretti år sidan.

No får Telemark Museum ei samling med hattar, dressar og genserar som Åge Samuelsen brukte, ei utklippsbok der predikanten tok vare på artiklar frå avisene, bladet Vekkeropet som han gav ut.

– Vi ønskjer at nokon andre skal ta vare på det for oss. Og det er heilt fantastisk at Telemark Museum vil gjere det, seier Rosa Werina Samuelsen.