Hopp til innhold

Aarebrot: – Unge politikarar treng barnepass

Valforskar Frank Aarebrot meiner gratis barnepass vil gjere det lettare å rekruttere småbarnsforeldre til lokalpolitikken.

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot meiner lokalpolitikken må ta omsyn til at småbarnforeldre er i jobb begge to når det gjeld kveldsmøte og ettermiddagsmøter.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Politikk og valforskar Frank Aarebrot trur det er mange forskjellige årsaker til folk ikkje vil engasjere seg i lokalpolitikken og stille på vallister til kommune- og fylkestingsvalet i små kommunar.

– Ein årsak kan vere at unge menneske engasjerer seg i organisasjonar som kjempar for ei sak som miljøorganisasjonar eller kvinnefrigjering.

Les også: Få vil være politikere i Telemark

Ikkje hyggeleg å få kjeft

Han meiner desse organisasjonane konkurrerer om merksemda med politiske parti som er opptekne av fleire saker for å rekruttere dei som vil engasjere seg.

– Det kan vere veldig små organisasjonar i ungdomspartia i lokalsamfunna, mens Natur og Ungdom og 4H har ganske mange medlemmer, seier Aarebrot.

Men han meiner ein annan viktig årsak er kva du får igjen av makt om du engasjere deg i lokalpolitikken, fordi Noreg er eit veldig sentralstyrt land.

– Kommunane har fått eit stadig mindre spelerom økonomisk til å gjennomføre ting. Og det er gjerne slik at du kjem inn i eit kommunestyre for å drøfte nedlegging skular eller må fjerne gode som folk har vent seg til. Det er ikkje så hyggeleg, og noko du kan få mykje kjeft for, seier Aarbrot.

Unge foreldre må få privilegier

Ein tredje faktor Aarebrot viser til er den kompensasjonen politikarane får for å ta på seg tillitsverv i lokalpolitikken.

– Kanskje er politikarane litt redde for å gje seg sjølv privilegier på grunn av Jantelova, seier Aarebrot.

Men han trur det ville vore ein ide med gratis barneparkering om det er ønskjeleg å rekruttere barnefamiliar til politikken.

– Rett og slett pass av barna om ettermiddagen når det er kommunestyremøte.

Treng barnepass under møte

Aarebrot meiner det er viktig å legge til rette for at småbarnsforeldre i 20 og 30-åra skal ha høve til å engasjere seg i lokalpolitikken når begge to er i jobb.

Han meiner lokalpolitikken må bli meir tilpassa den kvardagen folk opplever, og kanskje betale meir for at folk skal sitte i eit kommunestyre.

– Men eg trur at dersom kommunane hadde hatt meir pengar, slik at ein kunne drive politikk og bygge ting i staden for å legge ned ting, ville det bli meir moro å sitte i kommunestyret.