Å vera deprimert er ein jenterisiko

SKIEN (NRK): Dei er ikkje pene nok, dei er ikkje flinke nok, dei er ikkje kule nok, og dei har ikkje tru på framtida. Dei er jenter.

Illustrasjonsbilete

Mange jenter vil vera perfekte i alt. Det syner seg vanskeleg i praksis. Illustrasjonsbilete.

Foto: Anne Lognvik

To av ti jenter slit med eit lågt sjølvbilete. Gutane spelar dataspel opptil seks timar per dag, mens jentene er meir opptatte av sosiale medium.

På fleire område er det framleis stor forskjell mellom jenter og gutar. Det kjem fram i ei stor ungdomsundersøking som er gjort blant elevar i vidaregåande skule i Telemark.

Dei tre ungdommane på Hjalmar Johansen vidaregåande skule er ikkje overraska over resultata i rapporten.

– Gutar er også opptatte av å sjå bra ut, men det er ikkje så mykje fokus på det, seier Brage Tangen Riis.

– Jenter finn seg gjerne sjølvbilete som dei ser i media, jenter som er nærast perfekte. Etter kvart finn me vår eigen identitet, og då leitar me ikkje så mykje etter ideal som me gjorde før, fortel Mari Løvlid Teigen.

– Med åra blir det betre, og dessutan har eg ikkje tid, seier Vilde Halvorsen Skilbred.

Brage Tangen Riis, Mari Løvlid Tangen, Vilde Halvorsen Skilbred

Brage Tangen Riis, Mari Løvlid Tangen og Vilde Halvorsen Skilbred er ikkje overraska over at jenter er meir deprimerte enn gutar.

Foto: Anne Lognvik

Snus er den nye røyken

Nesten ingen elevar i vidaregåande skule røyker lenger, men snus har blitt den nye røyken både blant gutar og jenter.

Og mange har eit romantisert forhold til hasj, dei reknar det ikkje som så alvorleg.

Helge Galdal

Fylkesopplæringssjef Helge Galdal synest det er alvorleg at så mange jenter seier dei er einsame og har eit dårleg sjølvbilde.

Foto: Anne Lognvik

– Både samfunnet og me som arbeider i skulen må få opp augo for at me må få dei unge til å skjønne at hasj er farleg, seier opplæringssjef Helge Galdal i Telemark fylkeskommune.

Han er uro over at mange jenter slit med sjølvbilete sitt, men peikar på at rapporten gjev både skuleleiarar, kommunar, ungdom og foreldre nyttig kunnskap som gjer det lettare å finne tiltak som verkar.

Notodden har kanskje funne nøkkelen

– I løpet av eit år har den vidaregåande skulen på Notodden fått eit imponerande resultat som kanskje kan bli ein mal for andre, seier Galdal.

Skulen har fått ned prosenten av elevar som sluttar frå mellom 4–5 prosent og heilt ned til berre litt over ein prosent.

Mykje av forklaringa ligg nok i at kommunen har etablert ein helsestasjon med helsesyster, psykolog og lege på skulen slik at elevane har kort veg til fagfolk, og dermed kort veg til hjelp.

– Om dette er forklaring heilt ut veit me ikkje, men positivt er det i alle fall, seier fylkesopplæringssjefen.

Mange elever sliter med psykiske helseplager. Og det er særlig jentene som sliter, viser en fersk undersøkelse fra Telemark.

Her kan du sjå TV-reportasje med ungdom på Notodden.

Tek dei unge på alvor

Asle Bentsen

Rapporten fortel mykje om korleis dei unge har det, og kva som er dei store utfordringane, fortel forskar Asle Bentsen i KoRus-Sør.

Foto: Anne Lognvik

– No skal resultata i rapporten presenterast for kommunar, skular, foreldre og ungdommane sjølve, fortel forskarane Asle Bentsen og Geir Møller.

Spørjeundersøkinga, som er gjort i vidaregåande skular, blir samordna med tilsvarande undersøking gjort i ungdomsskulane.

Tala og funna blir også jamført med landstal, og gjev ein god peikepinn på kvar ein bør ha fokus.

Her kan du lese heile rapporten