NRK Meny
Normal

Jernbanearbeidarar: – Viktigaste jernbaneprosjektet i Noreg

Arbeidarar som bygger dobbeltspor mellom Farriseidet og Porsgrunn, har lite til overs for å redusere jernbaneutbygginga i Intercity-triangelet.

Stein-Erik Svensli og Svein Ove Hole

Stein-Erik Svensli og Svein Ove Hole meiner det er viktig med dobbeltspor i heile Intercity-triangelet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Dette er det viktigaste jernbaneprosjektet i heile Noreg i mine auge, seier Svein Ove Hole frå Nesbyen i Hallingdal.

Svein Ove Hole frå Nesbyen i Hallingdal

Svein Ove Hole frå Nesbyen i Hallingdal.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han meiner det bør byggjast ut dobbeltspor på heile strekninga i Intercity-triangelet mellom byane Lillehammer-Skien og Moss-Halden.

– For dette er noko som er viktig for folk, seier Hole.

Stein-Erik Svensli frå Eidsvåg i Romsdal er einig.

– Vi må jo bygge ut jernbanen der folk bur. Og visst ein tenker litt fram i tid blir dette ei viktig jernbaneutbygging, seier Svensli.

Må tenke framover

Dei to reparatørane som arbeider i NCC på jernbaneprosjektet Farriseidet-Porsgrunn, har ikkje sans for at det kan bli enkeltspor på strekninga mellom Tønsberg og Larvik. Eller frå Moss til Halden i Østfold.

Stein-Erik Svensli frå Eidsvåg i Romsdal

Stein-Erik Svensli frå Eidsvåg i Romsdal.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Viss ein tenkjer seg tretti år fram i tid, så bur det heilt sikkert fleire folk langs desse strekningane enn det gjer i dag, seier Hole.

Svensli meiner det blir alt for kortsiktig tenkt å stoppe å bygge dobbeltspora jernbane i Tønsberg og ikkje fortsette med dobbeltspor i heile Intercity-triangelet.

– Kva er beskjeden til dei som skal ta avgjerda i denne saka?

– Dei må tenke på dei politikarane som vedtok å bygge Bergensbanen på slutten av attenhundretalet. Det var framsynte politikarar, og det finst ikkje i dag, seier Hole.

– Politikarane bør tenke 50 til 100 år fram i tid når dei skal vedteke jernbaneutbygging, seier Svensli.

Desse er i fare

Lars Tangerås, prosjektleiar i Jernbaneverket for strekninga Farriseidet-Porsgrunn, seier at det vil bli bygt dobbeltspor på denne strekninga uavhengig av kva politikarane vedtek for dei andre strekningane som i dag har enkeltspor.

– Eg meiner det blir feil å ikkje satse på dobbeltspor heilt fram til Skien, seier Tangerås.

Lars Tangerås, Jernbaneverket

Lars Tangerås i Jernbaneverket.

Foto: Freddy Samson Fagerheim

Per i dag er det fire strekningar på Vestfoldbanen der det ikkje er sett i gang arbeid med å bygge dobbeltspor for jernbanen;

  1. Drammen - Kobbervikdalen
  2. Nykirke - Barkåker
  3. Tønsberg-Larvik
  4. Porsgrunn-Skien

Dersom rapporten frå Transportøkonomisk institutt blir tatt til følgje vil det ikkje bli bygt dobbeltspor på strekninga Tønsberg-Larvik og Porsgrunn-Skien.

Får dobbeltspor

For Østfoldbanen er det i dag bygt dobbeltspor til Moss. Og ein liten strekning mellom Haug og Rygge. Men dobbeltspor mellom Moss og Haug ligg inne i Nasjonal transportplan.

Det er ikkje vedteke dobbeltspor frå Rygge til Fredrikstad, Sarpsborg og Halden.

Dersom rapporten til Transportøkonomisk institutt blir tatt til følgje vil Intercity-utbygginga med dobbeltspor stoppe i Fredrikstad.

Intercity-triangelet vil også stoppe i Hamar og ikkje på Lillehammer.

– Transportøkonomisk institutt har nok rekna på ein litt annan måte, og lagt inn andre føresetnader enn det Jernbaneverket har gjort, seier Tor Erik Skarpen i Jernbaneverket.

Intercity-triangelet
Foto: Jernbaneverket