«Kalle» har fått tilbod om å bli landslagssjef i Thailand

BØ (NRK): Karl Fred Kristensen ville berre hjelpe fattige born. Nå står det berre detaljar att før han er ny landslagssjef i smilets land.

Karl Fred Kristensen

STORE DRAUMAR: Karl Fred Kristensen instruerer dei fire ungdomane som er med til Noreg.

Karl Fred Kristensen (74), eller «Kalle» som dei kallar han, har i sommar hatt med seg fire ungdomar frå Thailand til Telemark som vil bli endå betre på rulleski.

Ungdomane på 13 og 14 år var med på skiskule i Bø i Telemark. Her fekk dei måle krefter mot norske ungdommar på same alder.

Ungdommane har berre trena i ti månader. Likevel har dei eit klart mål.

Eg vil bli meister, seier Oiluma Phengkukoon (14).

Meister i Thailand eller i heile verda?

– Heile verda!

Karl Fred Kristensen instruerer thailandske rulleskiløpere

Dei fire ungdommane Siriwan Koedsin, Oiluma Phengkukoon, Thiraphat Sata, Jetsada Niamsuwan saman med trenar Karl Fred Kristensen.

Foto: HÅKON LIE / NRK

Plass til alle

Hadde det ikkje vore for Karl Fred Kristensen frå Kragerø, kunne ikkje ungdomane hatt slike draumar.

Då eg kom til Chumphon kom eg i kontakt med ein skule med mange fattige born. Her var det ikkje noko tilbod om idrett. Eg demonstrerte rulleski for dei, og det eksploderte.

Fleire ville vere med, og ryktet om nordmannen og rulleskia spreidde seg heilt til det thailandske Skiforbundet. Det enda med at det fyrst blei arrangert eit internasjonalt rulleskirenn i oktober 2018.

Etter ei stund fekk eg ein ny førespurnad om eg ville bli landslagstrenar. Eg tenkte at eg ikkje hadde nok erfaring, men takka ja og nå står eg her med mykje ansvar.

NRK har vore i kontakt med det thailandske Skiforbundet som seier det berre er detaljar som står att før avtala med nordmannen er i orden.

Det finst nå rulleskiklubbar over heile Thailand (sjå kart).

OVER HEILE LANDET: Rulleskiklubbar vert no etablera over store delar av Thailand.

«Kalle» sitt mål er at det skal vere plass til alle i klubben. Han seier det skal vere rom for både dei som vil leike og ha det moro, men dei skal også satse på dei som vil nå langt.

Min store draum er å få tre-fire inn på eit norsk skigymnas. Ein stad dei kan utvikle seg og bli gode skiløparar. Det har eg trua på at dei kan bli, for dei likar å lære og tek det fort.

Sueb Tarasiri

GENERALSEKRETÆR: Sueb Tarasiri drøymer om at rulleski ein gong blir ei OL-grein.

Foto: PRIVAT

Drøymer om OL

Sueb Tarasiri er generalsekretær i det thailandske Skiforbundet. Han er nøgd med jobben nordmannen har gjort, og drøymer stort.

– Me vil gjere rulleski til ein stor sport i Thailand, seier han.

Han seier også at rulleski for fyrste gong skal vere med i dei nasjonale leikane. Dette vil gje rulleski meir merksemd og det blir mogleg å vinne medaljar. Sueb har likevel ein større draum.

Min store draum er at rulleski skal kome på OL-programmet. Men me må sikte oss inn på dei asiatiske leikane i fyrste omgang, seier han.