Hopp til innhold

«Alle» jenter vil ha langt hår

Det er langt hår som gjeld blant unge kvinner. – Ingen tvil om at det er mest populært, seier Nikita-gründer Inger Ellen Nicolaisen.

Langt, langt, og lenger enn langt. Slik skal håret vera, meiner komande frisørar på den vidaregåande skulen i Lunde i Telemark.

Mange av dei som ikkje har langt hår, kjøper seg det. Gjerne i Sverige, der det er litt billigare.

Langt og fargerikt skal håret vera, det er eit stort fleirtal einige om. Hår er ein viktig del av sjølvbilete, kanskje særleg for jenter.

– Eg kjenner meg meir feminin når eg har langt hår, seier Ida Andersen. Sjølv har ho kjøpt seg langt, raudt hår, såkalla extensions.

Sjå video frå frisørsalongen:

Langt hår er mest populært

5000 kroner for langt hår

Renate Aase klipte håret i sommar, men angra fort. Til bursdagen ynskte ho seg kjøpehår, og det fekk ho oppfylt.

Frisørelevar på Lunde vidaregåande
Foto: Anne Lognvik / NRK
Frisørelevar på Lunde vidaregåande

Borgny Eie meiner elevane må få øve på levande modellar

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ho drog til Sverige, og fekk sveisa på nytt hår. Det kosta henne 5000 kroner, og det er det verdt, meiner Renate.

– Det er lettare å varier håret når det er langt. Du kan setje det opp, farge det, krølle det og klippe i ulike fasongar.

– Absolutt mest populært

Nikita-gründer Inger Ellen Nicolaisen, som eig det største frisørkonsernet i Norden, stadfestar at det er langt hår som er den heitaste hårmoten også i 2014.

– Langt hår er veldig populært for tida. Fleire og fleire besøkjer salongen for berre å få føna håret og laga bølger i det, seier Nicolaisen til NRK.

Ho seier også at mange vil ha sveisa på forlenging av håret, såkalla extensions.

Les også:

Draumekunden

Borgny Marie Eie er fast kunde hjå frisørelevane i Lunde, og ho er veldig godt nøgd med å få håret stelt. Dei må få trene på levande modellar, ikkje berre dokker, seier Eie. Ho har lagt merke til at veldig mange av frisørelevane har langt hår.

– Kunne du tenkje deg å ha langt hår?

– Nei, ikkje no. Eg er for gammal til å ha langt hår.

Ho skal ha vask, klipp og permanent, og er slik sett ein draumekunde for dei unge elevane. Dei får trene på alt dei skal lære før dei går ut i arbeidslivet som frisørar.

Menn vil også ha langt hår

Både ein del gutar og godt vaksne menn likar langt hår både på eigen skalle og på jenter.

Sjølv om langt hår ikkje er så vanleg blant anleggsfolk som det er hjå unge kvinner, trefte NRK på denne hårfagre karen på Borgestad i Skien.

Kollegaene var litt misunnelege for dei hadde ikkje lenger så fyldig hårvekst at det let seg gjere å spare til hestehale.

Frisørelevar på Lunde vidaregåande

Kollegaer er litt misunnelege på hestehalen

Foto: Anne Lognvik / NRK