Hopp til innhold

Skogbruket er glad for lange vogntog

Skogbruket er glad for at det om få dagar blir tillate å køyre vogntog som er over 25 meter lange på norske vegar.

Modulvogntog

Nå blir det lov med ekstra lange vogntog på norske stamvegar. Det betyr mykje skogbruksnæringa.

Foto: Stine Vanevjen Olsen / NRK

Frå 15. september blir det tillate å køyre spesielt lange vogntog, såkalla modulvogntog på norske vegar.

Modulvogntoga som er over 25 meter lange har sidan 2008 blitt brukt på delar av stamvegnettet her i landet.

Men nå er desse køyretøya tillate på permanent basis.

Les også:

Større kapasitet

Olav A Veum

Olav A. Veum er leiar i AT Skog.

– Dette betyr mykje for økonomien i skogbruket, men er også viktig på andre område, seier leiar i AT-Skog Olav A. Veum.

Han seier at store vogntoga vil kunne ta med seg eit større volum, som er viktig for transport av flis frå sagbruk, trelast og ferdigprodukt.

Det vil føre til ein større kapasitet på transporten.

– Noko som igjen vil føre til færre vogntog på vegen, og lågare transportkostnader, seier Veum.

Får ned kostnadene

– Kva har det å seie for skogbruksnæringa?

– Infrastruktur og transport er noko av det viktigaste for å få ned kostnadene i verdikjeda,

Veum meiner det er med på å auke lønsemda og verdien av tømmer, trelast og papirprodukt.

– Lengre vogntog er eit av dei tiltaka vi har vore opptekne av ganske lenge. Dette er viktig for skogbruket og trelastnæringa, for det betrar lønsemda og sikrar grunnlaget, seier Veum.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark