Hopp til innhold

– Robin Hood-politikk i hyttekommune

– Kommunen nektar å legge fram dokumentasjon når det gjeld vatn- og kloakkavgiftene. Dei brukar tall som er tatt ut av lause lufta, og sender rekninga til oss. Det er ein slags Robin Hood-politikk, seier hytteeigar Arne Georg Trondahl.

Rauland i Vinje kommune

Rauland er eit attraktivt hytteområde, men det er dårleg samarbeidsklima mellom kommune og hytteeigarar.

Foto: NRK

Etter ti års krangling med kommunen, endar no den betente saka hjå politikarane.

Hytteeigarane i Bjønnskarhaugen på Rauland, med støtte av Rauland Hyttevelforening, krev at kommunen dokumenterer korleis dei har kome fram til dei tilkoplingsavgiftene dei opererer med.

Arne Georg Trondahl

Arne Georg Trondahl er glad i skiløypene på Rauland, men lite begeistra for administrasjonen i Vinje kommune.

Foto: Privat

Påstand mot påstand

Dette blir ei av dei siste store sakene avtroppande ordførar Arne Vinje får på sitt bord. Etter mange år med brev mellom hytteeigarar, administrasjonen i Vinje kommune, fylkesmannen i Telemark, Sivilombodsmannen og no til slutt kommunaldepartementet, har saka enda hjå politikarane.

Til formannskapsmøtet ligg det ved 160 sider med dokument.

– Eg skal ikkje døme om kven som har rett og urett, men administrasjonen vår meiner dei har dokumentert det dei kan dokumentere, seier Vinje. Han legg til at kommunerevisjonen har sett på saka fleire gonger utan at dei har påvist nokon feil frå Vinje kommune.

– Har tatt seg til rette

– Kommunen har tatt seg til rette i våre lommebøker, seier ein frustrert Arne Georg Trondahl.

– Lovar og reglar er krystallklare, men Vinje kommune trenerer saka i år etter år.

– Det er sjølvkostprinsippet som gjeld i slike saker, kommunen skal kunne dokumentere kva dei faktisk har og har hatt i utgifter når det gjeld vatn- og kloakknettet, seier Trodahl.

Han seier at Vinje kommune i dag krev langt over hundre tusen kroner i tilkoplingsavgift for vatn og kloakk utan at dei kan vise til faktiske kostnader. Og kommunen tek meir betalt av hytteeigarane for å lage rimelegare ordningar for dei lokale.

Men er det ikkje rimeleg at hytteeigarar, som skummar fløyten av den kommunale infrastrukturen, betaler litt meir?

Rauland med hytter og løype

Mange likar seg i området rundt Vierli.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Arne Vinje, ordfører i Vinje

Ordførar Arne Vinje skal prøve å løyse floken i heimkommunen.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

– Dei må gjerne gje fastbuande støtte og tilskot, men ikkje på vår kostnad. Det kommunen har gjort, er å ta seg til rette i våre lommebøker, legg Trondahl til.

Politisk klokskap

No skal saka opp til politisk behandling, og ordføraren trur at formannskapen med sin politiske klokskap vil kunne peike på ein veg ut av uføret.

– Det er ei ugrei sak å ha gåande over så mange år, seier Vinje. Både fordi den stel mange kommunale ressursar, og fordi den kan ska omdømmet til kommunen.

– Hytteeigarane i Bjønnskarhaugen på Rauland påstår i eit brev til meg og andre politikarar og presse at ein hytteeigar med ei hytte på 70 m² betaler meir i tilkoplingsavgift enn ein bustad på 150 m². Det er feil, det er omvendt, seier ordføraren.

Kva som kjem ut av den politiske behandlinga er både ordføraren og hytteeigarane spente på.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark