NRK Meny
Normal

– Meld frå om påkøyrsel

PORSGRUNN (NRK): Ifølgje fagpersonar er det alt for mange bilistar som køyrer frå skadde dyr utan å melde frå. I fjor vart over 4000 rådyr skadd av påkøyring her i landet.

Rådyr påkjørt på innfartsvegen i Ålesund

SKADD: 4300 rådyr vart rapportar inn etter påkøyring i fjor.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Dyret er i nærleiken her, seier Nils-Petter Ødegaard.

Han er i dag ute med sporhunden sin for å ettersøke eit skadd rådyr. Han har akkurat funne spor etter dyret og hunden er veldig ivrig no.

I dette tilfellet har nokon observert det skadde dyret og varsla kommunen. Det er dei som har sendt ut Ødegaard.

– Eg skulle ønske folk var like flinke til å varsle nå dei køyrde på dyret sjølv, seier Ødegaard.

4300 rådyr vart rapportar inn etter påkøyring i fjor. Det reelle talet er mykje høgare fordi mange let vere å melde frå.

– Å køyre på eit dyr er ikkje eit lovbrot, men om du ikkje melder ifrå bryt du lova, seier Ødegaard.

Nils-Petter Ødegaard

FRIVILLIG: Nils-Petter Ødegaard er ein av mange frivillige som driv med ettersøk.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Slepp å lide

I fjor vart nesten 9000 hjortevilt rapporterte etter påkøyring her i landet, og rådyr utgjer den absolutt største gruppa.

Sverre Siljan er leiar for ettersøkingsarbeidet i Porsgrunn. Han er einig med Ødegaard og dei oppmodar no bilistar til å melde frå når uhellet skjer, slik at dyr slepp å li unødig.

– Det er så enkelt som å melde frå til politiet, også melder dei vidare til oss, seier Siljan.

Siljan seier det ikkje skal stå på innsatsen frå dei som driv ettersøking.

– Me har aldri vore meir profesjonelle enn det me er no, også er me jo heldige som har mange frivillige som også er klare til å stille opp, seier Siljan.

  • Er bekymra for skuletilbodet

    Fylkespolitikar i Ap, Maja Foss Five, er bekymra for tilbodet ved dei mindre skulane, dersom fritt skuleval blir gjeldande i det nye samanslåtte fylket. I dag er det ulik praksis, der Vestfold har fritt skuleval, medan Telemark ikkje har det.

    Maja Foss Five, Arbeiderpartiet
    Foto: Ragnar Lurås / NRK
  • Slår seg saman

    Kragerø Kraft as og Fredrikstad Energi Marked slår seg saman. Det skjer ved at Kragerø Energi Holding kjøper aksjar i Fredrikstad-selskapet. Direktør i Kragerø Holding, Geir Elsebutangen, seier dei erkjenner at dei er for små åleine.

    Geir Elsebutangen
    Foto: Roald Marker
  • Kritiserer utsatte ender

    Stokkender som ble satt ut i sommer for å bli jaktet på i Telemark, er funnet igjen i Bugårdsparken i Sandefjord, Sverige, Danmark og Nederland. Rikmannsjakta fører på denne måten til genetisk forurensing, mener Norsk Ornitologisk Forening. Godseier Leopold Axel Løvenskiold mener funnene viser at stokkendene er ville.

    Stokkender i gresset
    Foto: Chetan Rastogi / NRK