Hopp til innhold

– Letta over at ho slapp å lide

VIDEO: Anita Kåss frå Porsgrunn har funne opp ein medisin som no er seld for 800 millionar kroner. I kveld er ho gjest hos Skavland.

Anita Kåss på Skavland

GJENNOMBROTET: Anita Kåss hugsar godt den dagen forskinga tok eit stort steg framover.

Eg hugsar godt da eg påviste at hormon i hjernen og leddgikt hadde ein samanheng, seier lege Anita Kåss, når ho vert spurt kva som var vendepunktet i legemiddelforskinga hennar.

Korleis feira du dette gjennombrotet?

– Eg køyrde rundt i bilen min i ein times tid og berre takka gud, seier Kåss

Kåss har i fleire år forska på ein ny medisin mot leddgikt. No har forskinga byrja å gjeve resultat, og eit japansk legemiddelfirma har nyleg betalt 800 millionar kroner for arbeidet hennar.

Anita Kåss hos Skavland

SLAPP Å LIDE MEIR: Anita Kåss greidde ikkje sørge da mora døydde. Ho var berre letta over at mora ikkje måtte lide meir av leddgikt.

Inspirert av mor

Det er ikkje tilfeldig at Kåss har via store delar av livet sitt til å forske fram denne medisinen. Ho såg nemleg si eiga mor lide av leddgikt i mange år.

– Dei siste fem åra ho levde greidde ho ikkje å snu seg ein gong. Eg hugsar at eg og far min måtte stå opp om natta for å snu ho rundt i senga, seier Kåss.

Ho vart difor letta den dagen mora fekk fred.

– Eg greidde ikkje å sørge på same måte som alle andre da mor døydde. Eg var mest letta over at ho slapp å lide meir, seier Kåss.

For å takle mora sin død vart det viktig for Kåss å skjønne kvifor mora hadde det så vondt.

Det var jo før internettet kom, så eg måtte slå det opp i leksikon for å lese om det der. Det vart ein barnsleg måte å sørge på, seier Kåss.

– Men slik byrja også din interesse for denne sjukdommen?

– Ja, det stemmer, seier Kåss.