Hopp til innhold

– Har regjeringa gløymt Telemark?

I dag klokka 10.00 la finansminister Siv Jensen fram regjeringas forslag til statsbudsjett for 2018. Fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) finn ikkje dei store ljospunkta for fylket i framlegget.

Statsbudsjett 2018

FINANSMINISTEREN: Siv Jensen på Stortinget rett før budsjettet vart lagt fram.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Saka blir oppdatert.

– Beklagar å måtte seia det, men har regjeringa gløymt Telemark, spør fylkesordførar Sven Tore Løkslid.

Sven Tore Løkslid

FØLER SEG GLØYMD: Fylkesordførar Sven Tore Løkslid gler seg ikkje over forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i dag.

Foto: Eva Susanne Drugg / Telemark fylkeskommune

Han trekkjer fram fleire saker som skuffar han i framlegget til statsbudsjettet. Mellom anna finn han inga støtte til korkje Telemark museum, Vinjesenteret eller Tungtvasskjellaren.

Løkslid hadde òg forventa meir pengar til Telemarkskanalen, som har eit vedlikehaldsbehov på 60 millionar kroner. Regjeringa føreslår å løyve 4 millionar kroner til rehabilitering og vedlikehald av anlegga i kanalen.

Burde ta ein titt ut vindauget

Stortingsrepresentant og eldrepolitisk talsmann for Frp, Bård Hoksrud, rosar det nye budsjettet og meiner at Løkslid berre treng å sjå ut av kontorvindauget på fylkeshuset for å sjå regjeringa si satsing i Telemark.

Bård Hoksrud

BER FYLKESORDFØRAREN TA EIN TUR UT: Stortingsrepresentant for Frp, Bård Hoksrud, meiner at Løkslid berre kan å sjå ut av vindauget for å sjå regjeringa si satsing i Telemark.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Vi har satsa stort på samferdsel sidan vi kom i regjering, og dersom fylkesordføraren tek ein tur ut frå fylkeshuset, vil han sjå at det blir grave og bygd rundt omkring i heile fylket, seier Hoksrud.

Han meiner at det òg er fleire store nasjonale tiltak som vil koma Telemark til gode. Blant anna nasjonal screening for tarmkreft, som Sykehuset Telemark har god kompetanse på, og skattelettingar til byggenæringa.

– Vi fjernar eigedomsskatt på utstyr i byggenæringa, det vil blant anna koma godt med viss det skal byggjast eit stort nytt datasenter i Skien, som kan gjeva fleire tusen arbeidsplassar til Grenland, seier Hoksrud.

Vågslid er skuffa over løyvingane til politiet

Lene Vågslid meiner at med dette budsjettet er det ikkje nok pengar til å gjennomføre politireforma på ein god måte.

Lene Vågslid

SKUFFA: Lene Vågslid (Ap) trudde det ville koma meir pengar til politiet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Politireforma skal sørgje for eit meir tilgjengeleg og nærverande politi i heile landet. Det legg ikkje dette budsjettet opp til. Eg hadde forventa ei mykje sterkare satsing på politiet.

Vågslid har tidlegare vore kritisk til politiets tilgang til ressursar i distrikta, og meiner at regjeringa si satsing blir for lita.

– Det seier seg sjølv at 100 millionar kroner i frie driftsmidlar er altfor lite når vi står midt i ei politireform som på ingen måtar går på skjener.

– Regjeringa bryr seg mindre om distrikta

Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) frå Telemark er einig med fylkesordføraren i at Telemark verkar å vera gløymd.

– Denne regjeringa verkar til å sjå på Telemark sine behov og moglegheiter som heilt uviktige. Det er trist!

Sem-Jacobsen meiner at det nye statsbudsjettet beviser at regjeringa bryr seg mindre om distrikta enn dei store byane. Ho reagerer særleg på at satsinga på breiband blir halvert.

Åslaug Sem-Jacobsen på Stortinget

BRYR SEG MINDRE OM DISTRIKTA: Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) meiner at statsbudsjettet stort sett satsar på byane.

Foto: Ragne Borge Lysaker

– Dette rammar dei sørlege distrikta, blant anna Telemark. Pendlarar får enda dårlegare kår og det blir kutta rundt 20 prosent av distriktsmidla.

Sem-Jacobsen reagerer også på at det ikkje foreliggar konkrete mål og fristar for arbeid med kulturminnevern.

– Forslaget som er fremma på kulturminnefeltet er totalt uforpliktande. Det er utan ambisjonar, og kjem til å ramme kulturminnefeltet i Telemark mykje på sikt. Det kjem også til å gå ut over kulturliv og reiseliv, seier ho.

Ikkje satsing på Vinjesenteret

Regjeringa følgjer ikkje opp fjorårets satsing på Vinjesenteret.

Fylkesmann Lodve Solholm

OGSÅ SKUFFA: Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum, er skuffa over at regjeringa ikkje har prioritert Vinjesenteret.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi er skuffa over at regjeringa ikkje denne gongen har prioritert Vinjesenteret for dikting og journalistikk i statsbudsjettet, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Solholm seier at Nynorsk kultursentrum nå vil setja lit til at Stortinget vil løyve pengar.

Det er heller ikkje avsett pengar til eit nytt fylkesmuseum i Skien.

– Skien må vera den einaste fylkeshovudstaden her i landet som ikkje har eit fylkesmuseum som er ope året rundt, sa KrFs Geir Jørgen Bekkevold i går.

Lene Vågslid seier til NRK at ho synest dette er utruleg dårleg, og at det tydelegvis ikkje hjelper med positive utmerkingar år etter år.

Ingen store løyvingar til veg

Blant dei sakene det var knytt spenning til, var om det vart løyvd pengar til E134 gjennom Telemark. Det einaste konkrete av nye middel som står i statsbudsjettet er at det blir sett av pengar til ein rasteplass på E134 ved Morgedal.

Fleire parti håpte at det skulle koma ekstra pengar til E134. Lene Vågslid (Ap), som er leiar i justiskomiteen, sa tidlegare i dag at ho håpte det vart løyvd pengar til arbeidet med E134 på forskot. Geir Jørgen Bekkevold (KrF) meinte òg at E134 ville vera ei bra strekning å gjeva til vegbyggingsselskapet Nye Veier AS.

  • Les alt om statsbudsjettet her.

Vegplanar for 2018

I 2018 har Nye Veier AS planlagt utbyggingsaktivitet på E18 Rugtvedt–Dørdal og Kjørholt- og Bambletunnelane i Telemark.

Andre vegprosjekt som blir nemnde i statsbudsjettet er kjende frå før. Dette gjeld:

  • E134 Seljord–Åmot, Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje kommunar
  • E134 Gvammen–Århus, Hjartdal og Seljord kommunar
  • Rv 36 Skyggestein–Skjelbredstrand, Skien kommune
  • Rv36 Slåttekås–Årnes, Nome og Sauherad kommunar

Når det gjeld tog, tek regjeringa sikte på at det nye dobbeltsporet mellom Farriseidet og Porsgrunn kan takast i bruk frå hausten 2018, og at heile prosjektet blir ferdigstilt i 2019. Bane NOR har starta arbeidet med å avklare etterbruken av dagens trasé.

Fleire studieplassar til HSN

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til Høgskolen i Sørøst-Noreg (HSN), som blant anna har studiestad i Telemark, med 1,7 millionar kronar til 40 studieplassar i IKT.

Les fylkesoversikta for Telemark her.

Statsbudsjett 2018

I VANDREHALLEN: Journalistar har lagt frå seg kopiar av statsbudsjettet 2018 på golvet i Vandrehallen på Stortinget etter at finansminister Siv Jensen (Frp) la fram budsjettet tidlegare på dagen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark