Hopp til innhold

– Fylgjer reiseråd – held oss inne

Planen var å ta nokre feriedagar i Paris. Men no fylgjer dei råd frå UD og held seg inne på hotellet sentralt i den franske hovudstaden.

Eva Haukeberg Rinker og Per-Thorstein Rinker

I PARIS: Eva Haukeberg Rinker og Per-Thorstein Rinker fylgjer råd frå UD, og held seg på hotellet.

Foto: Privat

Eva Haukeberg Rinker og Per-Thorstein Rinker frå Porsgunn bur berre nokre kvartal frå staden der terroren råka.

– I dag går tankane til uskuldige offer og til den franske folket, seier paret, som er i Paris på jobb for porsgrunnsfirmaet Baze Technology..

– Planen var å ta nokre feriedagar før eit planlagt kundearrangement i neste veke. Men etter å ha vore i kontakt med UD i dag vel vi å halde oss innomhus, seier Per-Thorstein Rinker.

– Vanskeleg å finne ord

Sett frå hotellet sentralt i Paris ser kvardagen ut til å vere på veg tilbake.

– Trafikken går, og folk er på veg tilbake til gatene. Men styresmaktene har stengt metroen. Det fortel at situasjonen framleis er alvorleg, seier paret.

Eva Haukeberg Rinker og Per-Thorstein Rinker seier at det er vanskeleg å setje ord på det som skjedde berre nokre steinkast frå hotellet. Førebelse tal syner at 120 personar har mist livet i ei rekke terrorhandlingar fredag kveld og i natt.

– Det er ei underleg stemning både på hotellet og i gatene rundt. seier Per-Thorstein Rinker.

Reiser til Paris

Rinker seier at han fylgjer råd frå UD, og at norske styresmakter så langt ikkje åtvarar folk mot å reise til Frankrike.

Det tyder at fleire telemarkingar vil reise til Paris i helga, og at det planlagde kundearrangementet til teknologibedrifta Baze Technology frå Porsgrunn blir gjennomført som planlagt.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark