NRK Meny
Normal

– Fritt fram for kjeltringar

Skiltsvindel og identitetstjuveri er trygt – det skal mykje til for at dei blir tatt. Det har utanlandske mobile bandar oppdaga. Bileigar i Porsgrunn måtte få nye skilt for å sleppe unna.

Per Furuvald Vik frå Porsgrunn fekk bunkar av rekningar frå bomstasjonar der han aldri hadde passert med bil.

Per Furuvald Vik fekk bunkar av rekningar frå bomstasjonar der han aldri hadde vore.

Sjølv hadde han ikkje vore der, og heller ikkje bilen, men bileigar Per Furuvald Vik i Porsgrunn fekk rekningar frå bomstasjonar i Trondheim, Kongsvinger og Oslo.

Nekta å betale

Store bunkar med rekningar, som han nekta å betale.

Bunke på bunke med rekningar frå bomstasjonar

Bunke på bunke med rekningar frå bomstasjonar. Dokumentasjonen er ei svart rute. Bilen, ikkje føraren, blir identifisert.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Per Furuvald Vik

Vik med brev frå politiet og fotodokumentasjon.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Tor Egil Syvertsen

Tor Egil Syvertsen seier at slike identitetstjuveri breier om seg.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

Tvillingbilen, som var av same type og med same skiltnummer, køyrde land og strand rundt og passerte ei rekkje bomstasjonar.

Rekningane hamna i Porsgrunn hjå Vik. Det tok litt tid før han skjønna at han var utsett for regelrett svindel.

Har ikkje lov å ta bilete av bilførar

– Me har ikkje lov å ta bilete av bilførar, våre kamera er stilte inn slik at dei tek bilete av nummerskilta og fronten på bilen.

Det seier driftssjef Dan Isak Olsen i Vegfinans.

Dette heng saman med personvern og retningsliner for bomselskapas fotopraksis.

– Politiet kan lite gjera

– Saka er lagt vekk fordi politiet ikkje kan identifisere gjerningsmannen, står det i brevet Vik har fått frå politiet i Oslo.

Då Vik melde saka til politiet, fekk han spørsmål om han ville at saka skulle straffeforfølgjast. Det svara han ja til.

Men det er lite politiet har av dokumentasjon når ikkje bompasseringane kan brukast for å lokalisere svindlarane.

– Identitetstjuveri breier om seg

– Identitetstjuveri breier om seg, seiar stasjonssjef Tor Egil Syvertsen ved Grenland politistasjon.

Både tjuveri av skilt, og ulovleg kopiering er eit aukande problem. Ei side av det er at kjeltringar på denne måten slepp økonomiske krav, men vel så viktig er det at politiet er mindre oppmerksame på med bilar med utanlandske skilt.

– Me ser stadig oftare at mobile vinningskriminelle frå andre land, stel eller forfalskar norske skilt slik at dei unngår å koma i politiet sitt søkeljos, seier Syvertsen.

Har skifta skilt

Vik har omregistrert bilen og fått nye skilt, så no håpar han at han slepp dette problemet i framtida. I alt har han fått mellom 20–30 krav som no altså er sletta.

– Det er litt sprøtt at det ikkje skal vera mogleg å identifisere og få stoppa folk som driv på denne måten, seier Vik.

Det har kosta både tid og pengar for han å få saka ut av verda. Kjeltringane som kopierte skiltet hans, går høgst sannsynleg fri.

  • Skal oppgradere gruva

    Vest-Telemark museum har fått 700 000 kroner til å ruste opp gruvene på Åmdals Verk i Tokke.

    Pengene skal brukes til å gjøre gruvene sikrere og mer attraktive for besøkende, sier driftsleder ved museet, Karl Endre Bjerk, til Vest-Telemark blad.

  • Momsøkning er en dårlig ide

    Det er en skikkelig dårlig ide å øke momsen på reiselivstjenester fra 10 til 12 % slik regjeringa foreslår, mener ordfører Jon Rikard Kleven i Vinje. Kleven sier at næringslivets avtaler ofte gjort og at denne momsen derfor blir en ren ekstrautgift.

    Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje
    Foto: Robert Hansen / NRK
  • Får ikke realisert flerbrukshall

    Fyresdal sliter med å få realisert planen om å bygge en flerbrukshall i 2019. Det skriver Vest-Telemark Blad. Kommunen skulle legge av to millioner hvert år fra 2016 til 2019, men det har vist seg vanskelig med den økonomiske situasjonen i kommunen.

  • Stevner Porsgrunn kommune

    Rådgivergruppen VSO consulting stevner Porsgrunn kommune i forbindelse med nye Brevik oppvekstsenter.

    Eiendomssjef i Porsgrunn kommune, Terje Madsen, sier til PD at VSO consulting mener de er blitt betalt for lite.