Hopp til innhold

– Utruleg uprofesjonelt av NOAH

Leiar i Brevik vel, Johnny Fåberg, lettar på sløret og fortel om maktkampen rundt avfallsdeponiet, NOAH og Thor Kamfjord sin avgang som utviklingsjef i fylkekommunen.

Leiar i Brevik vel, Johnny Fåberg, lettar på sløret og fortel om maktkampen rundt avfallsdeponiet, NOAH og Thor Kamfjord sin avgang som utviklingsjef i fylkekommunen.

SJÅ VIDEO: Leiar i Brevik, Johnny Fåberg, opplever at NOAH prøver å legge munnkorg på deponimotstandarar.

Leiar i Brevik vel, Johnny Fåberg, meiner Norsk Avfallshandtering, NOAH, prøver å legge munnkorg på personar som går ut mot deponiplanane i Brevik.

Fåberg hevdar også at NOAH forsøkte å legge press på fylkeskommunen i forkant av avgangen til tidlegare utviklingssjef i Telemark, Thor Kamfjord.

Men dette blir blankt avvist av styreleiar i NOAH, Sten-Arthur Sælør.

Fekk vite om Kamfjord sin avgang

Fåberg fortel til NRK at han alt i mai skal ha fått informasjon frå Sælør i NOAH om Kamfjords avgang.

– Han fortalde om eit møte med fylkeskommunen om utviklingssjefen, og at det var ein del uttaler Kamfjord hadde kome med som ikkje stod i stil til hans stilling. Og at det vil få konsekvensar, og at Kamfjord måtte gå frå stillinga si, seier Fåberg til NRK.

I juni sa utviklingssjef i Telemark Thor Kamfjord opp jobben. I etterkant har det komme fram at han valde å gå etter å ha fått kritikk for si rolle i deponisaka i Brevik.

Kamfjord er også lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i Porsgrunn, og har hatt ei negativ haldning til eit framtidig deponi.

Fåberg i Brevik vel hevdar NOAH fekk Kamfjord fjerna.

– Ja. Det trur eg det er ingen tvil om. Dei har lagt mykje press bak det. Og når eg får vite om det frå NOAH før det skjer, då er det ikkje noko tvil i mine øyre, seier Fåberg.

– Du er død for meg som person

Leiar i Brevik vel, Johnny Fåberg, seier han sjølv opplever at NOAH stiller seg mot han. For etter å ha hatt jamleg kontakt med NOAHs styreleiar, er dei to ikkje lenger på talefot.

Endringa kom for ein månad sidan då styret i Brevik vel vedtok å gå i mot eit deponi. Før det hadde styret vore for ei konsekvensutgreiing.

– Dagen etter får eg telefon frå Sten-Arthur. Det var ei veldig kort samtale, der han ber meg om å slette den informasjonen eg har. Og så seier han at nå er du død for meg som person.

– Kva tenker du om det utspelet der?

– Det er jo veldig uprofesjonelt. Der og da var det sikkert litt i frustrasjon og sinne. Han var vel frustrert over at han mista nokon han såg på som ein alliert og ein god samarbeidspartnar. Men det er veldig uprofesjonelt av ein så stor aktør å kome med noko slikt, synest eg. Det er ikkje noko hyggeleg, seier Fåberg.

Meiningslause påstandar

Styreleiar i NOAH, Sten-Arthur Sælør meiner det er meiningslause påstandar frå leiaren i Brevik vel, Johnny Fåberg.

– I slutten av august då Norcem og NOAH møtte statsråd Tine Sundtoft var Fåberg som den einaste representanten utanfor dei to organisasjonane invitert til møtet. Han gav uttrykk for at vi hadde gitt ein ryddig presentasjon av planane, seier Sælør.

– Så du har ikkje ringt opp Fåberg og sagt at han er død i dine augo?

– Det ville vere heilt urimeleg og uforståeleg, sidan Fåberg heile tida har sagt at velforeininga var faktabasert og ønskte å gjennomføre ei konsekvensundersøking. At styret seinare har snudd, er jo synd for styret og synd for oss.

– Eg har aldri formidla noko slikt til ein person, seier Sælør.

– Kamfjord har ikkje gjort jobben sin

– Du skal også ha sagt til Fåberg i mai at Thor Kamfjord kom til å gå som utviklingssjef. Stemmer det?

– Kva eg skulle ha sagt om den saka i mai, veit eg nesten ikkje om eg skal kommentere. Eg har sagt i fleire samanhengar, kanskje, at eg synest det er oppsiktsvekkande at Thor Kamfjord aldri har tatt kontakt med NOAH i stillinga som næringssjef i fylkeskommunen.

– Det er å ikkje gjere jobben sin, etter mi meining. Men etter det eg kjenner til har han sjølv sagt opp jobben. Og då må hans arbeidsgivar svare for kvifor det skjedde, seier Sælør.

– Har NOAH pressa på slik at Kamfjord måtte gå?

– Eg har ingen innverknad på arbeidsforhold i ein fylkeskommune. Vi framfører dei synspunkta vi har på om ein person eller ein organisasjon gjer jobben sin. Og vi framfører dei synspunkta vi har på vår eiga sak.

– Blir møtt med tung motstand

– Meiner du at NOAH ikkje har hatt noko å gjere med avgangen til Kamfjord?

– Det er det heilt umogleg for meg å meine noko om. Eg veit ikkje kva vurderingar Kamfjord har gjort i samvirke med sin arbeidsgivar. Ein offentleg tilsett person kan ingen privat bedrift avsette.

– Fåberg meiner NOAH forsøker å sette munnkorg på personar som er i mot deponiet i Brevik. Og at de får fjerna folk som er imot. Kva er din kommentar til det?

– Eg trur eg har sagt det eg kan seie om det. NOAH møter i alle forum der vi blir invitert og framfører våre saker. Vi blir møtt med tung motstand, og det må vi akseptere. Men vi avset ikkje folk i andre organisasjonar anten dei er for eller mot våre planar. Det er ikkje slik dette samfunnet er skrudd saman, og det er vi alle takknemlege for.

Har ikkje diskutert Kamfjord i fylkeskommunen

Evy-Anni Evensen

Fylkesrådmann Evy-Ann Evensen i Telemark fylkeskommune.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Fylkesrådmann Evy- Anni Evensen nektar for at fylkesadministrasjonen har hatt møte med NOAH om framtida til Utviklingssjef Thor Kamfjord.

– Eg har berre vore til stades i eit møte saman med Thor Kamfjord der NOAH uttrykte frustrasjon rundt fylkeskommunen si handtering av ein del saker, seier Evensen.

Ho fortel at dei var til stades for å lytte til NOAH, men seier Thor Kamfjord blei ikkje drøfta med NOAH på dette møtet.

– I det møtet var NOAH skuffa over Telemark fylkeskommune og saker som hadde gått gjennom regionalavdelinga hos oss. Men eg var tydeleg på at eg som fylkesrådmann er ansvarleg for alle saker i vår organisasjon i starten av møtet. Eg var også tydeleg på at vi ikkje tar del i ein diskusjon som andre aktørar høyrer på. Det tar vi internt, seier Evensen.

Saka handlar om eit deponi i Brevik

Fylkesrådmannen seier at NOAH peika på forskjellige saker. Men Evy-Ann Evensen vil ikkje gå nærare inn på kva som kom fram på møtet med NOAH.

– Det var eit uformelt møte for å lytte, og ikkje grunnlag for noko sak hos oss i ettertid, seier Evensen.

Fylkesrådmannen seier at ho fekk oppseiinga frå Thor Kamfjord både munnleg og skriftleg, og meiner saka ikkje handlar om ei personalsak i fylkeskommunen.

– Det handlar om eit deponi i Brevik, meiner fylkesrådmannen.