NRK Meny

88-åring sakna i Sauheradfjella

Politiet har i heile natt leitt etter ein 88 år gamal mann som er sakna i Sauheradfjella på grensa mellom Skien og Sauherad. 88-åringen blei meldt sakna etter ein fottur ved Holtstjønn onsdag kveld. Det er søkt med helikopter, hundar og mannskap frå Røde Kors. Politiet brukar og dykkarar i søket etter den sakna skiensmannen.