Hopp til innhold

Kristoffer (3) alvorleg forgifta av hoggorm

SELJORD/SKIEN (NRK): Det varme vêret gjer at fleire går berrføtt, og dermed aukar risikoen for å bli biten av hoggorm. Det fekk tre år gamle Kristoffer Nordgarden smerteleg erfare.

Kristoffer Nordgarden bitt av hoggorm

GRULEG SYN: Slik såg lille Kristoffer ut etter hoggormbittet. Han fekk blåmerke og indre blødningar.

Foto: Elisabeth Nordgarden / Privat

– Eg og gutane var på besøk hjå besteforeldra. Så begynte Kristoffer å sutre og ville opp i fanget mitt. Vi tenkte at han var blitt stukken av noko eller skrapa opp av ein kvist.

Det seier mamma Elisabeth Nordgarden, som fekk ein meir dramatisk laurdag enn ho hadde tenkt. Etter kvart begynte foten til Kristoffer å hovne opp og bli blå.

– Da kom ambulansen og luftabmulansen fort. Dei konstaterte at det var eit hoggormbit, og vi vart frakta til sjukehuset i Skien.

Der fekk Kristoffer motgift og han viste teikn til betring. Verdiane hans var ganske gode, men etter nokre dagar vart han dårlegare att.

Elisabeth og Kristoffer

Mamma Elisabeth seier at Kristoffer truleg ikkje har blitt skremd av opplevinga. Han ville ut å leike straks dei kom heim frå sjukehuset.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Begynte dramatisk, vart enda verre

– Eg tenkte at nå kan det ikkje bli verre. Men det vart verre. Vi oppdaga at Kristoffer hadde blødningar i tarmen. Da vart han sendt vidare til Ullevål med helikopter, seier Elisabeth Nordgarden.

Blodverdien til Kristoffer vart målt til 5, til vanleg skal han vera på 11. Heile kroppen hovna opp så mykje at kroppsvekta gjekk frå 15 kilo til 20 kilo.

Mamma Elisabeth seier at ho stort sett halde hovudet kaldt for å ikkje gjera sonen uroleg. Men da dei kom til UIllevål begynte alvoret verkeleg å sige inn.

– Det kom ein sjukepleier og forklarte meg at dette var ganske alvorleg. Og da var det vanskeleg å halde seg roleg.

Merke frå hoggormbittet

På foten ser ein to merke etter bitet, med nesten ein centimeter mellomrom. Kristoffer fekk truleg i seg ei stor dose med gift.

Foto: Elisabeth Nordgarden / Privat

Farlegast for små barn, gravide og eldre

Det er svært sjeldan at folk så sjuke av hoggormbit. Men det er viktig å behalde roa viss du vert biten av hoggorm, seier seksjonslege ved akuttmottaket på Sjukhuset Telemark, Harry Achterberg.

– Det gjer vondt, likevel må ein halde kroppsdelen roleg og ikkje bevege seg for mykje. Det er farlegast for små barn, gravide og eldre.

Zoolog Petter Bøchman seier at mange har sett hoggormen denne våren, men det er ikkje hoggormår i år.

– Det er frykteleg fint vêr, med det resultat at hoggormen kan vere aktiv i større delar av døgnet. Fleire er også ute i naturen, og dermed kan fleire møte på hoggorm.

Bøckman seier det er lurt å ha på fottøy når du går i terreng der det kan vere hoggorm.

Harry Achterberg

Seksjonslege Harry Achterberg seier hoggormbitt er farlegst for små barn, gravide og eldre.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Bruk støvlar

Ei og ei halv veke på sjukehus måtte til før Kristoffer kunne reise heim. Han slapp unna med skrekken, og har heller ikkje blitt redd for å leike seg ute, fortel Elisabeth Nordgarden.

– Han var ute og leikte den dagen han kom heim.

– Og du har heller ikkje vorte redd for å sende han ut?

– Nei, det har eg ikkje. Men eg har fått meir respekt for hoggormen, og eg kjem nok til å passe på at ungane har på seg støvlar når dei skal gå i høgt gras.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark