Hopp til innhold

24-åring kan bli sikta for drap

Ein 24-åring frå Kristiansand kan bli sikta for grov vald med døden til følgje, etter at ein 49 år gamal mann frå Skien døde av skadene etter å ha blitt sparka i hovudet utanfor eit hotell i Aalborg.

Sykehuset Telemark

49-åringen døde på Sjukehuset Telemark av skadene han fekk etter blind vald i Aalborg i Danmark.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Det er Nordjyllands politi i Aalborg som etterforskar valdsepisoden som skjedde laurdag 7. september utanfor Hotel Radisson i Aalborg.

Den 49-år gamle Terje Tørrisen frå Skien døde etter skadene han fekk etter å ha blitt sparka i hovudet utanfor hotellet.

Tørrissen var på danmarkstur med kolleger frå RHI Normag i Porsgrunn då valdsepisoden skjedde.

– Saka er fortsatt under etterforsking, seier anklager (politiadvokat red.anm) ved Nordjyllands politi, Ingrid Munch Hansen.

Politiet i Aalborg ventar no på den endelege obduksjonrapporten og legeerklæringa frå Noreg for å kunne slå fast kva som var dødsårsaka.

Den blir avgjerande for om siktinga mot 24-åringen blir utvida til vald med døden til følge.

– Vi skal også avhøyre fleire vitne i saka, seier Munch Hansen.

(Saka held fram under biletet)

Aalborg

49-åringen frå Porsgrunn var på kollegatur til Aalborg i Danmark.

Foto: Colourbox

Hugsa lite frå valdsepisoden

24-åring som er fra Kristiansand har fortalt i avhøyr hos politiet at han hugsar lite frå episoden der han skal ha sparka nordmannen i hovudet.

– Han har forklart at han hugsar lite av det som skjedde fordi han hadde drukke ein del alkohol, seier Munch Ellingsen.

Den døde 49-åringen frå Skien og 24-åringen som er sikta i saka budde på det same hotell i Aalborg. Det skal også vere fleire vitne på hotellet som såg kva som skjedde utanfor hotellet.

Vitne har forklart til politiet at 24-åringen umotivert slo 49 år gamle Terje Tørrisen og sparka han i hovudet.

Varetektsfengsla i Aalborg

Det er uklart kva som utløyste valden utanfor Hotel Radisson i Aalborg laurdag ettermiddag den 7. september. Men politiet håpar å få klarlagt meir omkring dette i den vidare etterforskinga.

Ingrid Munch Hansen seier at 24-åringen er varetektsfengsla fram til 2. oktober. Politiet vil ta stilling til vidare varetektsfengsling når etterforskinga er ferdig, og det er klart kva den endeleg tiltalen vil vere.

Straffesaka vil gå føre seg i tingretten i Aalborg. Familien til den døde har fått oppnemnt ein advokat i Aalborg som skal representere dei i rettsforhandlingane.

Mista høgt verdsatt medarbeider

Dagleg leiar ved RHI Normag, Trym Ernst Hansen, seier det var tungt å få vite at ein medarbeidar er død etter skadane han fekk etter eit overfall i Aalborg.

Hansen seier at 49-år gamle Terje Tørrisen var ein høgt verdsatt medarbeidar gjennom mange år i RHI Normag på Herøya Industripark.

Tørrisen var på kollegatur til Aalborg og budde på Hotel Radisson. Laurdag den 7. september om ettermiddagen gikk han ut for å ta ein røyk. Då blei han overfalt av 24-åringen som skal ha utført eit saksespark og truffe 49-åringen i hovudet.

Terje Tørrissen blei slått bevisstlaus og vakna aldri opp igjen. Han var først innlagt ved sjukehuset i Aalborg der det blei konstatert hjerneblødning. 49-åringen blei seinare frakta til Sjukehuset Telemark der han døde av skadene laurdag 21. september.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark