NRK Meny
Normal

19-åring tilstår kyrkjebrann

Den eine av dei tiltalte for kyrkjebrannen i Porsgrunn erkjenner å ha vært med på å tenne på Østre Porsgrunn kyrkje. Den andre tiltalte nektar.

Statsadvokat Kjetil Omholt

Aktor Kjetil Omholt i Nedre Telemark tingrett.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Østre Porsgrunn kirke i brann

Østre Porsgrunn kyrkje brann ned til grunnen natt til 11. april 2011.

Foto: Per Eirik Hekkelstrand / Scanpix

Rettssaka starta i Nedre Telemark tingrett i dag, torsdag 21. februar. Ein mann på 19 år frå Porsgrunn og ein mann på 20 år frå Skien, som for to år sidan var 17 og 18 år, er tiltalt for å ha tent på kyrkja.

Aktor Kjetil Omholt forklarte i retten at 19-åringen frå Porsgrunn har erkjent straffskuld for å ha tent på Østre Porsgrunn. Men han erkjente ikkje straffskuld for å ha tent på og skada to benker ved inngangspartiet til Borgestad kyrkje i Skien.

20-åringen frå Skien erkjente ikkje straffskuld for noko av det han var tiltalt for.

Fann DNA spor

Eit skjerf som blei funne ved Borgestad kyrkje gav full treff på 20-åringen i ein DNA analyse som er gjennomført.

Aktor Kjetil Omholt fortalt i retten i dag at 19-åringen har forklart at 20-åringen var med på brannstiftinga av Østre Porsgrunn kyrkje.

Ifølgje aktor skal 19-åringen tidlegare ha innrømt å ha vore ved Borgestad kyrkje. Forsvarar for 19-åringen, Ranveig Sem, forklarte at 19-åringen erkjenner å ha vore ved Borgestad kyrkje, men han sette ikkje fyr på noko der. Difor erkjenner han ikkje straffskuld for dette.

Skadeomfanget etter brannstiftinga er rekna ut til 54 millionar kroner.

Begge mennene som står tiltalt i Nedre Telemark tingrett er funne tilreknelege då ugjerninga fann stad.

Eit sentralt punkt i rettssaka vil vere om det var fare for at brannen kunne spreie seg til bygningane og bustadene i området ved Østre Porsgrunn kyrkje.

Rettssaken etter kirkebrannen starter i Nedre Telemark tingrett

Rettssaken etter kirkebrannen starter i Nedre Telemark tingrett

Mange tårer for kyrkja

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Kyrkjebrannen var eit stort sjokk for kyrkjelyden og heile Porsgrunn. Etter kvart som ting har roa seg ned har kyrkjelyden vore heldig som hadde eit bygg ved sida som kunne fungere som kyrkje.

Kyrkjesjef Johannes Sørhaug meiner rettssaka blir viktig for å få saka avslutta, sjølv om dei nå planlegg å byggje ny kyrkje.

– Det har aldri vore nokon form for lynsjestemning i kyrkjelyden mot dei tiltalte. Dei har vore triste og det har blitt mange tårer. Men det har aldri vore nokon som er ute etter dei som har gjort dette her, seier Sørhaug.

  • Sjekker kilde til oljesøl

    Politiet og brannvesenet har i dag tatt prøver av et oljeflak ved Øvre Ringsholme i Frierfjorden. Prøvene sjekkes nå opp mot båter som ligger i området, sier operasjonsleder Jørn Gustav Larsen hos politiet i Telemark. Flaket har en omkrets på 200 meter.

  • Ny «Holdbart» butikk i Skien

    Butikkjeden «Holdbart» selger varer som ellers ville blitt kastet. Det kan være fordi produktene er feilprodusert, har for kort holdbarhetsdato eller er sesongvarer. Det er gründerne Trond Laeng og Thor Johansen som står bak butikken.

    Thor Johansen
    Foto: Anniken Sanna / NRK
  • Flere politikontroller langs kysten

    7400 kontroller av fritidsbåter langs hele norskekysten, det er fasiten etter årets sommersesong. Det er flere enn i 2016, men det kan fortsatt bli bedre, sier sjef for politiets sjøtjeneste, Ole Petter Parnemann.

    Politibåten i Vestfold.
    Foto: Anne Melsom Bjerke / NRK
  • Oljelenser lagt ut

    Det er tidlig i dag morges blitt lagt ut oljelenser i nærheten av Øvre Ringsholmen på Frierfjorden. Det melder hovedredningssentralen. Lensene legges ut etter observasjon av et oljeflak som fløt i fjorden. Både politiet og brannvesenet er på stedet.