Hopp til innhold

1700 slåss om 70 jobbar på denne fabrikken

PORSGRUNN (NRK): – Det er ei overveldande interesse for å jobbe i fabrikken vår i Porsgrunn, seier verksdirektør Geir Ausland i Elkem Solar.

Elkem Solar i Porsgrunn

HAR EIN DRAUM: Mange har ein draum om å koma hit, men få får draumen oppfylt.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Både folk som tidlegare jobba i solcellebedrifta REC og andre fagfolk vil gjerne vera med på det nye industrieventyret i Porsgrunn.

Elkem Solar i Kristiansand og Porsgrunn samarbeider. I Porsgrunn skal dei laga blokkar av silisium. Prøveproduksjonen startar no i vår, full drift blir det i løpet av hausten.

Elkem Solar har overtatt lokala etter REC, som gjekk konkurs i 2012. Det kjem til å vera færre tilsette hjå Elkem Solar, og det skal ikkje lagast solcellepanel i Porsgrunn slik som det blei gjort då REC dreiv.

Les og:

Solcelleblokker Elkem Solar

I Porsgrunn skal fabrikken lage silisiumblokkar som blir sendt til Asia for å bli laga solcellewaferar av.

Foto: Anne Lognvik

– Blir blank i augo av å lese søknadene.

Verksdirektøren seier han blir rørt over å lesa mange av søknadene. Dyktige fagfolk i godt betalte jobbar søkjer seg til Porsgrunn og Herøya for å vera med på å lage noko som stør opp under fornybar energi.

Solcellemarknaden er i rask vekst over heile verda, men det er hard konkurranse og tøft å starte opp.

– Me treng entusiastiske folk, seier Ausland.

Thore Larsen

Thore Larsen er ein av dei heldige som alt er sikra jobb. Han jobba tidlegare hjå REC, og gler seg til å sjå att tidlegare kollegaer.

Foto: Anne Lognvik

Vil gjerne ha fleire kvinner

I Elkem Solar er det eit stort kvinneunderskot, og berre 15 % av søknadene som no ligg i bunken er frå kvinner.

– Me vil gjerne ha fleire kvinner, det er bra for arbeidsmiljøet og bedrifta, seier Ausland.

Han legg til at sjølv om han gjerne hadde sett at fleire kvinner hadde søkt, er trass alt femten prosent av 1700 ein god gjeng med kvinner.

Travel vår

No sit det folk og les gjennom søknadene og innkallar til samtaler. I løpet av mars/april reknar Elkem Solar med å ha tilsett dei fleste av dei som dei treng, og koma i gang med prøveproduksjonen.

Til hausten er det alvor, då skal dei etter planen vera ferdig med ombygging og oppgradering slik at dei kan starte ordinær produksjon.

– Me er veldig spente alle saman, seier verksdirektør Geir Ausland.

Direktørane

Både direktør Inge Grubben-Strømnes og verksdirektør Geir Ausland er spente på framtida for solenergiproduksjonen i Noreg.

Foto: Anne Lognvik

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark