NRK Meny
Normal

Stemningsfull 17. maifeiring på Gaustatoppen

TINN (NRK): Gaustatoppen og vêrgudane viste seg frå si beste side da om lag 200 entusiastiske turfolk frå store delar av Sør-Noreg møtte opp for å ta del i skitoget og 17. mai-feiringa på Telemarks tak.

Gaustadtoppen fra helistream. Musikk: Einar Steen-Nøkleberg Slåtter op. 72: Bruremark efter Møllarguten

NRK sitt helikopter var også innom Gaustatoppen på sin tur den 17. mai. Her kan du sjå 17. mai feiringa frå lufta.

Turleiar Jon Ingebretsen fortel at mange bunadsklede deltakarar sette sitt preg på samlinga oppe ved turisthytta.

Trompettonane til Mildrid Wastling frå Møsstrond ljoma utover fjellheimen, og skapte ein ekstra stemning.

– Det var elles ei lita 17. mai-tale og lyriske innslag ved initiativtakaren til denne årvisse feiringa, fortel Jon Ingebretsen, som sjølv deltok i toget til topps.

Gaustahytta var pynta i vakraste skrud både inne og ute av vertinna der, Ann Kristin og medhjelparane hennar.

– Folket kosa seg i solvarmen i den drivkvite snøen, der flagget kjem til sin fulle rett. Det er noko særeige og symbolsk med å feire nasjonaldagen til fjells i dette fjellandet i nord, og Gaustatoppen har etter kvart peika seg ut til å bli ein populær arena for denne feiringa, fortel Ingebretsen.