Hopp til innhold

17. mai frå Brevik

– Det er vanskeleg å sjå kva som ligg framføre oss på førehand. Men det beste er å vere med å skape framtida, sa Thor Kamfjord då han heldt 17. mai tale i Brevik.

17.mai Brevik

Even Skårberg Aarnes sende på direkten frå Brevik med fotograf Lars Tore Endresen.

Torget var fullt av folk i Brevik på 17. mai, då NRK Telemark sende direkte innslag i NRK si store TV sending frå heile landet på nasjonaldagen.

Thor Kamfjord heldt talen på torget og var opptatt av å skape ei framtid.

Thor Kamfjord

Thor Kamfjord heldt 17. mai tale i Brevik.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

– Å skape framtida er noko vi skal gjere saman, og vi skal gjere det for barna våre. Vi kan velje å stå på sidelinja. Men framtida kjem uansett. Vi kan velje å delta, og seie høgt kva vi meiner framtida bør innehalde.

Han sa at vi som bur i Norge er så heldige at vi har den sjansen. Grunnlova i 1814 gav oss ytringsfridom, og vi kan velje å bruke den.

– Den kan vi bruke til aktivt å skape oss i framtid som vi ønskjer at våre barn skal oppleve. Eg trur at fleire av dei som bur her i dag, ønskjer at barn og vaksne skal få oppleve det å bu i Brevik. For dei som bur her ønskjer å dele Brevik og dele porten til Telemark med fleire.

Folk synger Ja vi elsker på torget i Brevik

Her syng dei nasjonalsangen på torget i Brevik på 17. mai.