Hopp til innhold

AUF meiner 16-åringar må få stemme

Høg valdeltaking beviser at ungdom på 16 og 17 år må få alminneleg stemmerett ved kommuneval, seier AUF i Telemark.

LEGGER PRESS: Leiar i AUF i Telemark, Felix Volpe, seier de vil at det skal bli mogleg å stemme for ungdom innan neste kommuneval.

Vallogo

I år deltok Porsgrunn for andre gang i eit prøveprosjekt der ungdom på 16 og 17 år får lov til stemme ved kommuneval.

Drygt 58 prosent av 16- og 17-åringane, busett i Porsgrunn, valde å bruke den mellombels stemmeretten sin under årets kommuneval.

– Det er ikkje noko tullball. Det er reel interesse for politikken, og det må vi ta på alvor, seier leiar for AUF i Telemark, Felix Volpe.

Ung velger avgir stemme. Hersleb skole, Oslo

Ung veljar stemmer ved Hersleb skole i Oslo. AUF i Telemark meiner 16 og 17 åringar må få stemme ved kommuneval.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Fleire unge brukar stemmeretten

58, 6 prosent er eit høgare tall enn resten av kommunen kan smykke seg med og eit bevis på at prøveordninga nå bør bli ei permanent ordning, ifølgje fylkeslagsleiaren.

– Vi ser ein så auke på 7,6 prosent frå sist val. Og det var meininga med heile prøveprosjektet: å sjå om valdeltakinga gjekk opp, seier Volpe.

Han meiner det viser at prøveprosjektet verkar positivt for førstegongsveljarar i 2011 og i 2015.

– Dei nye 16–17 åringane blir også meir engasjert i å stemme, seier Volpe som meiner noko må skje nå.

– Til saman utgjer dei unge under 18 år heile 22 prosent av alle som bur i Porsgrunn. Det er ei stor gruppe som politikken må ta vare på, seier Volpe.

Forskarar skal vurde forsøket

Men framleis er det for tidleg å seie om ungdom på 16 og 17 år vil få rett til å stemme permanent.

Jardar Jensen

EVALUERER: Jardar Jensen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, seier de nå vil evaluere valet.

Foto: NRK

– Nå skal vi evaluere dette valet. Vi har fått nokon utanforståande forskarar til å sjå på kva dette kan bety også i framtida, seier statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Jardar Jensen.

Jensen meiner Porsgrunn er særs interessant, fordi 16–17 åringar også fekk stemme sist gong det var eit val. Departementet ønskjer nå å sjå på om det har påverka deltakinga blant dagens førstegongsveljarar.

Prognose viser svært lav valgdeltagelse

Jensen seier ein av hindringane er at ein 16-åring ikkje kan veljast inn som folkevald.

AUF vil presse på for stemmerett

57 prosent av ungdommane, i dei 20 kommunane som deltok i prøveprosjektet i år, brukte stemmeretten sin. Det er ein nedgang frå førre gang prosjektet fant stad, da 58 prosent av ungdommen deltok.

Regjeringa er skuffet over ungdommene

Jensen har tidlegare uttalt til NRK at han var skuffa over låg valdeltaking. Men det er ikkje Volpe einig i.

– Det vil alltid vere menneske som ikkje engasjerer seg i politikk. Eg synest 58,6 prosent er bra. Det er ikkje noko nederlag å bruke desse tala i forhandlingane om stemmerett for 16 og 17 åringar, seier Volpe.

Han seier at AUF kjem til å skuve på for at det skal bli mogleg å stemme for 16–17 åringar innan neste kommuneval.

Forskarane skal legge fram rapporten om resultata frå prøveprosjektet til våren.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark