NRK Meny
  • To til Ullevål i luftambulanse

    To personar er sendt med luftambulanse til Ullevål universitetssjukehus etter ein kollisjon på Bolkesjø i dag. Ulukka skjedde under ei forbikøyring, og politiet har beslaglagt førarkortet til ein av sjåførane.

  • Protesterer mot Intercity-utsetjing

    Fylkesordførar Sven Tore Løkslid reagerer sterkt på meldinga om at Bane Nor vil utsetje Intercity-utbygginga på Vestfoldbanen. Bane Løkslid meiner at det er regjeringa sitt ansvar å sørge for at Bane Nor får nok pengar til å planlegge arbeidet.

    Sven Tore Løkslid. AP
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Skagerak tener store pengar

    Skagerak Energi får eit årsoverskot på 1,66 milliardar kroner før avskrivingar. Det er ein auke på 27 prosent frå året før. Høge kraftprisar og reduserte kostnader er årsak til at innteninga aukar, seier konsernsjef Knut Barland.

  • Krog får ikke gå

    Magnus Krog fra Høydalsmo får ikke gå OL-kombinertrennet i stor bakke. Landslagsledelsen valgte å beholde Espen Andersen. Ol-rennet i stor bakke går tirsdag.

    Pyeongchang Olympics Nordic Combined Men Magnus Krog
    Foto: Patrick Semansky / AP