Hopp til innhold

13-åring i badeulukke

Ein 13 år gamal gut er sendt til Sjukehuset Telemark etter ei badeulukke i Skien Fritidspark.

Skien Fritidspark

Politiet arbeider for å finne identiteten til 13-åringen som var offer for badeulukka i Skien Fritidspark.

Foto: Vika Media

I fylgje politiet blei guten funnen på botnen i den djupe delen av bassenget.

– Så langt politiet veit fekk guten problem då han bada med nokre kameratar. Han kunne ikkje symje, og kom under vatn, seier operasjonsleiar Petter Hovet hjå politiet i Telemark.

– Guten medviten

Politiet fekk melding om ulukka litt etter klokka 12 i dag. Klokka 1330 melder sjukehuset at guten er medviten, og at han etter tilhøva har det bra.

Innsatsleiar Sondre Dahl fortel til NRK Telemark sin representant på staden at guten truleg har fått vatn i lungene. Dahl seier og at han ynskjer å undersøke om alarmsystemet i bassenger fungerte som det skulle.

Guten var i Skien fritidspark saman med eit fylgje. Klokka 13 i dag arbeidde politiet framleis med å finne identiteten til 13-åringen.