Fakta
Båtbyggeriet Hansen og Arntzen i Bamble har lang erfaring med restaurering av historiske fartøy. Nå er dei i ferd med å fullføre eit nytt stort oppdrag.
Galeasen Anna Kristina er eit flytande kulturminne, og var hardt angrepen av råteskader.
Anna Kristina blir restaurert i Bamble.
Nå er skuta i ferd med å gjenoppstå i gamal fordums storheit, antikvarisk korrekt og etter Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk.
Banka og hamra
I desse dagar blir det blir banka og skrapa ved Hansen og Arntzen båtbyggeri i Stathelle.
Ved kaia er den 115 år gamle galeasen Anna Kristina i ferd med å ikle seg dei siste strøka med måling.
- Det er ei gamal skute som opphaveleg blei bruka til å frakte gods langs kysten. Den er bygt i 1877, og då var det berre segl og ingen motor ombord, seier Steinar Arntzen.
Galeasen Anna Kristina er eit av verdas eldste trefartøy over 50 tonn, og eit av verdas eldste seglande skuleskip.
Eldste seglande skuleskip
Anna Kristina får dei siste strøka med måling.
Ho blir eigd av Oslo kommune, og er i bruk ved Sollerudstranda skole på Lysaker. Her blir skuta bruka som skuleskip for elevar i ungdomsskulen.
I snart to år har båtbyggeriet Hansen og Arntzen restaurert skuta tilbake til slik ho var i 1925. Det fortel Steinar Arntzen.
- Vi har brukt noen tusen timar på å få båten i stand. Det har vore ei stor utfordring å tilfredstille krava til å verne fartøy etter antikvariske retningsliner, og samstundes oppfylle regelverket til Sjøfartsdirektoratet.