Hopp til innhold

Krev digitale læremiddel på nynorsk

Vest-Telemarkrådet krev at Kunnskapsdepartementet syter for at læremiddelprodusentane følgjer lova og såleis sikrar nynorskelevane sine rettar. Bakgrunnen er at stadig fleire digitale læremiddel blir tatt i bruk i grunnskulen, men at desse stort sett kjem på bokmål. Opplæringslova seier at alle læremiddel skal kome i både nynorsk- og bokmålsversjonar, skriv Vest-Telemark Blad.