Hopp til innhold

Kritiske til konsekvensutgreiing

Norcem meiner konsekvensutgreiinga frå Klima- og miljødepartementet, av Dalen gruver i Brevik, ikkje er god nok. Sementbedrifta peiker på at det ikkje er godt nok greia ut på detaljnivå, kor egna gruvene er som deponi. Norcem skriv også i sitt høyringssvar at det kan stillast spørsmålsteikn ved den gruvefaglege kompetansen, til dei som har utført risikoanalysen. Samdrift av kalkutvinning, og deponidrift er også uaktuelt for Norcem.