Hopp til innhold

Støttekontakt meldt til politiet

Tidlegare fagforeiningsleiar, Magnus Straume, er meldt til politiet for å ha lurt til seg pengar frå ein person han var støttekontakt for. Ifølgje Drangedalsposten skal det dreie seg om nesten 100.000 kroner. Magnus Straume seier til NRK at han tek fullstendig avstand frå desse påstandane, og at han førebels ikkje har blitt avhøyrd av politiet. – Eg står fram i denne saka for at andre støttekontaktar i Drangedal ikkje skal bli mistenkte, seier Straume.