Hopp til innhold

Skiulukker i vinterferien

Telemark Raude Kross har henta ut fleire skadde skiløparar den første helga i vinterferien. I Drangedal har Raude Kross henta ut ein skiløpar og ein person som blei skadd i ei akeulukke. Det har og vore mindre ulukke på Blefjell og på Skinnarbu, opplyser Bjørn Sodeland i Telemark Raude Kross.