Hopp til innhold

Etterforskar vidare i Vrådal

Politiet har mannskap i Vrådal i dag og morgon for å etterforske vidare i cannabissaka. Dei skal ransake og gjera beslag desse to dagane. Det er to veker sidan politiet fann fleire hundre cannabisplanter i eit tomt industribygg i Vrådal.

Cannabisplanter
Foto: Politiet