Finn ikkje ut kva forureininga er
Politiet finn ikkje ut kva den sotaktige forureininga i Frierfjorden er, og har avslutta saka. Det vart fyrst meldt om eit oljeflak utanfor Rafnes industriområde, men undersøkingar viste at det ikkje dreia seg om oljesøl. Stoffet vil løyse seg opp og har ingen miljømessige konsekvensar.