Hopp til innhold

Gratis graut til frukost

Alle elevar ved vidaregåande skular i Telemark skal få gratis graut til frukost, om dei sjølv ønsker det. Det vedtok fylkespolitikarane i hovudutvalet for kompetanse i dag. Politikarane meiner at dette er eit billig og næringsrikt tilbod til elevane.