Hopp til innhold

Færre arbeidsledige i Telemark

I slutten av august var det registrert 2.662 heilt ledige ved NAV i Telemark. Det utgjer tre prosent av arbeidsstyrken, og for første gong er den lågare enn landsgjennomsnittet. Det er blitt 13 prosent færre ledige, eller 386 personar, frå samme månad i fjor. Hjartdal har den lågaste arbeidsløysa, medan Notodden har den høgaste med 3,6 prosent.

NAV Telemark
Foto: Else Jorunn Saga / NRK