Hopp til innhold

Turfølge henta frå Besseggen

Eit turfølge med tre deltakarar frå Telemark er henta ned frå Besseggen med redningshelikopter i dag. Det var eit turfølge på 16 personar med seks bevegelseshemma som har vore vêrfaste på Besseggen i natt. I går blei det gjort to forsøk på å hente dei ned, men det var for dårleg flyvær. Turen var arrangert i regi av DNT Drammen og Omegn og Telemark Turistforening.