Hopp til innhold

Nei til asylmottak på Stevneplassen

Formannskapet i Skien vil ikkje ha eit asylmottak med 1.000 plassar på Stevneplassen, men fleirtalet vil kanskje ha 3-500 spreidd rundt i kommunen. Berre Miljøpartiet de grøne stemte for rådmannen si innstilling om eit asylmottak med tusen plassar, skriv Varden. Heller ikkje eit forslag frå KrF om 1.000 fordelt på fleire stader fekk fleirtal. SV støtta dette. Saka blir avgjort i Skien bystyre neste torsdag.

Stevneplassen i Skien
Foto: Anne Lognvik / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark