Hopp til innhold

Må møte i fylkestinget

Fylkestinget vedtok i dag å be sjukehusdirektør Bess Frøyshov og styreleiar Tom Jørgensen må møte fylkespolitikarane og gjere greie for pasienttryggleiken i Telemark. Bakgrunn er fylkeslegens rapport om at pasientar på sjukehuset har døydd på grunn av manglande behandling. Fylkestinget vedtok samrøystes eit forslag frå Terje Riis Johansen.

Direktør Bess Frøyshov, Sykehuset Telemark
Foto: Thor Øistein Eriksen / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark