Hopp til innhold

Økologisk landbruk i Telemark

2015 blei eit år på det jamne for Telemark med bakgrunn i dei tala som no ligg føre for økolandbruket. Statistikken viser at Telemark er det 4. største fylket her i landet målt i tal dekar økologisk areal i forhold til totalarealet i fylket. Talet Telemark kan vise til er 7,3 prosent. Fylka Sør- og Nord-Trøndelag samt Buskerud ligg på plassane framfor Telemark, men med berre små marginar. Talet for landet totalt sett ligg på 4,2 prosent.

Kyrne på Bodin Gård får kanskje bli
Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde