NRK Meny
  • Ubetydelege utslepp

    Tankbilen som køyrde inn i eit hus i Kragerø har køyrd av garde for eiga maskin. Det er ubetydelege utslepp frå tankbilen, melder politiet.

  • Person klemt mellom to bilar

    Ein person har kome i klem mellom to bilar på Lifjellvegen i Bø. Ein av bilane kom ned ein bakke og greidde ikkje å stoppe på den glatte vegen. Føraren i den eine bilen kom i klem og er sendt til legevakt for sjekk.

  • Liten lekkasje frå tankbilen

    Det er oppdaga ein liten lekkasje frå pumpesystemet på tankbilen som køyrde inn i eit hus i Kragerø. Naudetatane arbeider med å stoppe lekkasjen.

  • Arbeider med å få ut personar

    Naudetatane arbeider med å få ut personar frå andre etasje i huset i Kragerø som ein tankbil har køyrd inn i. Huset har blitt skeivt, melder politiet.