Hopp til innhold

- Viktig at lokalmiljøet seier ifrå når skulen er nedleggingstruga

Kunnskapsministeren meiner det er viktig at lokalmiljøet seier ifrå og argumenterer for sitt syn når skular er truga av nedlegging.

Kristin Halvorsen

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har besøkt fleire skular i Grenland.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen forstår at det er ei vanskeleg avgjerd for fylkespolitikarane når dei skal bestemme strukturen for den vidaregåande skulen i Telemark.

I går gjekk om lag 2000 demonstrantar i fakkeltog i Lunde, mot forslaget om å legge ned Lunde videregåande skule.

Skulen i Lunde er ein av tre vidaregåande skular som står i fare for å bli lagt ned, etter tilråding frå ei arbeidsgruppe som har sett på skulestrukturen i fylket.

(artikkelen held fram under biletet)

Fakkeltog i Lunde

Fakkeltog for Lunde vidaregåande skule.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Vanskelege val å ta

Gruppa tilrår også ein ny stor vidaregåande skule i Skien, ei samanslåing av Skien videregående og Hjalmar Johansen videregående. Og i dag er kunnskapsministeren på besøk.

– Dette er ein veldig vanskeleg debatt som mange fylke har med jamne mellomrom, seier Halvorsen.

Halvorsen seier fylka må velje mellom om å ha god kvalitiet og god breidde i det dei tilbyr, også innafor yrkesfag, og samstundes ha ein desentralisert struktur så ikkje ungdomen må reise for langt.

I tillegg er skulane viktige arbeidsplassar i distriktskommunane.

– Eg kan forstå at dei som skal avgjere dette har det vanskeleg. Og så er det faktisk viktig at lokalmiljøet seier ifrå og argumentere ope med sine synspunkt, seier Halvorsen.

(artikkelen held fram under biletet)

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen besøkte NRK Telemarksendinga saman med Telemark SV sin førstekandidat Ådne Naper.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Krevande å flytte på hybel

- Kva fordelar er det med ein vidaregåande skule som ligg nære heimen?

– Vi veit jo at det kan vere krevande for ein 16-åring å flytte på hybel. Men nokon er så sterkt motivert for å ta ei bestemt utdanning, og då fører ikkje hybelliv til fråfall, seier Halvorsen.

Kunnskapsministeren seier at utfordringa gjeld for dei som ikkje kjem inn på førstevalet sitt for vidaregåande utdanning og må flytte på hybel.

– Det kan vere krevjande. Men her finst det også andre vegar å gå, blant anna med eit tettare samarbeid med det lokale næringslivet, slik at delar av det første året kan vere praksis i private eller offentlege verksemder, seier Halvorsen.

Rett før påske skal regjeringa legge fram ei stortingsmelding om å kunne lage eit meir fleksibelt løp når det gjeld særleg yrkesfaga.