NRK Meny
Normal

- Han retta våpenet rett mot meg

Ransvitne Erik følgde etter ein kioskranar og blei truga med pistol.

Ransvitne Tova kiosk i Porsgrunn
Foto: Christina Førli Aas / NRK

- Eg trudde ikkje han kom til å skyte.

Det seier vitnet, Erik, som følgde etter ranaren av kiosken Toba på Herøya for vel ei veke sidan.

Høyr heile historia: Ransvitne i skotdrama

Ranaren fyrte av eit skot i taket inne i kiosken, og seinare eit mot vitnet utanfor Herøya kirke.

LES: Tatt etter væpna ran

LES OGSÅ: Raner skjøt rundt seg

Finlandshette og plastpose

- Eg kom kjørande og ser at ein person kjem springande ut frå kiosken med finlandshette og ein plastpose i handa. Seinare kjem ei jente ut frå kiosken som såg forvirra ut. Då skjøna eg kva som hadde skjedd.

Erik fortel at han snudde bilen så fort som mogleg, for då byrja personen med finlandshette å springe. Men han rakk akkurat å sjå kor ranaren sprang etter at han hadde snudd bilen.

Tok fram pistolen

- Eg kjørte akkurat så fort at eg tok han nesten igjen på toppen av ein bakke, men då kunne eg ikkje kjøre lenger for det var ein gangveg. Eg hoppa ut av bilen og ropa stopp til han. Då stoppa han faktisk.

Då var det ein 15-20 meter mellom ranaren og vitnet. Men då tok ranaren fram pistolen.

- Den hadde ikkje eg sett då han kom ut av kiosken. Og det er ikkje sikkert eg hadde følgt etter om eg hadde sett at han hadde våpen, seier Erik.

Ransplakat

Toba kiosk på Herøya.

Foto: NRK

Fyrte av eit skot

Så stod vitnet der med eit våpen retta mot seg.

- Men eg tenkte at han sikkert var nervøs. Eg sa han måtte sleppe den posen han hadde i handa, for eg kjem til å følge etter deg uansett.

Så venta vitnet på svar. Og det blei ei kort ordveksling.

- Ikkje la meg skyte deg, svara ranaren.

- Eg trur du bløffar, sa vitnet.

Då skaut ranaren litt til side for vitnet og sprang vidare.

- Eg følgde etter, men han forsvann for meg, fortel Erik.

Mistenkt slapp fri

Personen som er mistenkt for å ha rana Topa, blei i førre veke sluppe fri og politiet vil ikkje be om varetektsfengsling før dei eventuelt får inn nye opplysningar.

Politiet ønskjer fortsatt tips i saka.