– Det er krise for kommande barn og unge.
Det seier Magne Brekke, generalsekretær i Oslo Idrettskrets.
Han har nettopp fått høyre om søskenparet Imran og Fatiha. Dei bur på Grünerløkka i Oslo, og dei starta i den same basketklubben. Berre sistnemnde fekk lov til å fortsetje.
– Eg prøvde å spele der, men så måtte eg byte klubb, seier Imran til NRK.
Han fekk høyre at det ikkje var plass til han.
Styremedlem og trenar i Oslo-klubben Centrum Tigers stadfestar hendinga.
– Det er ikkje ein kul situasjon å ende opp i, der du må seie nei til ein 14 år gammal gut. At du må seie «me har eit lag, men ikkje for deg», seier Aysun Erdogan.
Ho fortvilar over at dei ikkje har plass til alle ungdommane som ønska å spele der og reknar med dei kunne hatt dobbelt så mange medlem om dei hadde hatt kapasitet til det.
– Det er ei kjip kjensle, seier Erdoğan, som opplyser at over 60 nasjonalitetar er representerte i klubben ho er trenar for.
Unge Imran er på ingen måte aleine om å bli avvist.
– Det er sjølvsagt berre trist. Eg har snakka med Centrum Tigers og mange andre idrettslag. Det går ikkje, det er fullt. Det er grenser for kor mange du kan plassere inn i ein fleirbrukshall, seier Magne Brekke.
Generalsekretæren i Oslo Idrettskrets møter NRK på Grünerløkka, der eit nytt fleirbruksanlegg er under oppføring. Men nybygget er ikkje i nærleiken av å dekke behovet til ein hovudstad som veks.
– Idretten klarer seg jo, men det er barna som ikkje får vere med, som gjer vondt langt inn i hjarterota. Me vil jo at alle skal få lov å vere med. Men det er faktisk ikkje mogleg.
Fryktar alvorlege konsekvensar
Brekke fryktar at manglande idrettsanlegg i hovudstaden vil føre med seg auka kriminalitet i ungdomsmiljø.
– Dei som bur der, skal også ha eit verdifullt liv å leve, spesielt barn og unge. Om ikkje barn og unge meistrar livet i ein storby, så har Oslo eit gigantisk problem om nokre tiår, påpeikar idrettstoppen.
Han påpeikar at alle har eit behov for å tilhøyre ein fellesskap.
– Om ein ikkje kan tilhøyre eit idrettslag, eller kultur, eller eit korps, eller annan fritidsaktivitet, så finst det nok av krefter i ein storby som gjerne skapar tilhøyrsel til miljø me helst ikkje vil ha i byen vår.
Oslo har ei formidabel utfordring i åra som kjem, meiner Brekke.
– Me treng 50 nye fleirbrukshallar. Så utfordringa til byrådet er å sjå på korleis me skal bygge 50 nye fleirbrukshallar dei neste ti åra? Eg skjønar det tar tid, men kor er planen for det?
– Noko eg tar på største alvor
I september skal byrådet legge fram det nye forslaget kommunen har til behovsplan for idrett. Der håpar Brekke at det kjem føringar mot ei rekke nye idrettsanlegg i Oslo.
– Eg har ei forhåpning og ei lita bøn til at byrådet er ambisiøse nok. Me må ha idrettsanlegg over heile byen. Det gjeld fotballbanar, fleirbrukshallar og innandørs aktivitetsrom, fastslår Brekke.
Byråd for kultur og næring i Oslo, Anita Leirvik North (H), er godt kjent med situasjonen:
– Aller først, at barn og unge i Oslo ikkje får delta i idrett og aktivitet på grunn av mangel på idrettsanlegg, er noko eg tar på største alvor.
North peikar på at veksten i byen er årsaka til problema, men ho lovar at situasjonen skal bli betre på sikt:
– Her krevst det ei systematisk og planmessig tilnærming, noko byrådet også har. Det som er på trappene, vil som kjent på sikt avhjelpe situasjonen både for Centrum Tigers og for andre sentrumsnære klubbar, seier North, og legg til:
– Det er også viktig å hugse på at dei aller fleste barna og unge deltek i idrett i Oslo. Ifølge tal frå Norges idrettsforbund er dessutan Oslo er det einaste fylket som har hatt ein positiv medlemsvekst sidan 2016. Det er eg veldig fornøgd med.