Zucca kritisk til hockey-karantene
Mats Zuccarello er kritisk til at ishockeylandslaget må i karantene når dei kjem heim frå VM.
Hockeylandslaget får ikkje unntak frå dei norske karantenereglane, slik fotballandslaget og OL-utøvarane får.
«En ære å representere Norge, føler oss veldig satt pris på for innsatsen vi gjør for landet», skriv Mats Rosseli Olsen på twitter etter sigeren over Kasakhstan i siste VM-kamp for Norge.
Det har Zuccarello kommentert.
«Jaja blø for landet så rett hjem på karantenehotell. Skulle satsa på fotball, Rossi», er Minnesota-proffens noko syrlege svar.