Zuccas draumedebut øydelagt av skade – kan ha spelt sin siste kamp i ny klubb

Først assisterte han til 1-0, så sette han sjølv inn 3–0. Mats Zuccarello fekk ein knalldebut for sin nye klubb i NHL, men nordmannen kan ha spelt sin siste kamp for sesongen.

Mats Zuccarello

SCORING: Mats Zuccarello scora 3-0-målet i sin debutkamp for Dallas Stars

Foto: JONATHAN DANIEL / AFP

– Mats Zuccarello ute i minst fire veker. I beste fall går han glipp av 13 av dei siste 20 grunnseriekampane til Dallas Stars. I verste fall går han glipp av alle, skriv redaktør for nettstaden nitten.no, Roy Kvatningen, på Twitter.

Mindre enn 24 timar etter at han vart seld frå New York Rangers var han på isen i førsterekkja for Dallas Stars i bortekampen mot Chicago Blackhawks, og fekk fire skot og 13 minutt på isen i Stars 4-3-siger.

Nordmannen imponerte, men vart skadd. Truleg er det snakk om ein brekt arm. Kvatningen påpeikar at debuten kan ha vore Zuccarellos siste kamp for sesongen.

– Viss laget ikkje kvalifiserar seg for sluttspelet, kan dette utruleg nok dette alt ha vore den siste kampen hans for klubben, skriv han på Twitter.

Mål og assist

Før skaden var kampen ein draumedebut. Det tok berre 11.35 minutt, så assisterte nordmannen Radek Faksas 1-0-mål.

Snaue seks minutt etterpå dobla Alexander Radulov Dallas' leiing. Då var ikkje Zuccarello innblanda, men det var han til gagns ved 3–0.

Då var det gått berre 1.44 av 2. periode. Zuccarello fekk pucken av Esa Lindell og dundra han i mål frå høgrekanten.

Så kom skaden. Heilt mot slutten av andre periode blokkerte han eit skot, og kunne ikkje spele meir.

Laster Twitter-innhold

Også rekkekamerat Jamie Benn måtte ut med ein liknande skade.

For Dallas heldt ikkje kampen fram like godt. Før siste pause hadde Chicago redusert to gonger, og tidleg i siste periode stod det 3–3 til enorm jubel for heimepublikum.

Men det enda godt for gjestene likevel. Knapt halvveges i 3. periode sette Jason Spezza inn 4–3 for Zuccarellos nye klubb, som dermed kunne bokføre to nye poeng i kampen om sluttspelplass. Årsaka var ikkje minst at målvakt Anton Khudobin redda 44 skot frå heimelaget.

Laurdag kveld var han til stades på New York Rangers' kamp mot New Jersey Devils, ein kamp Rangers vann 5–2. Zucca spela ikkje, men gjekk rundt og takka spelarar og støtteapparat for laget.

Gråtkjøvd Henrik Lundqvist

Etter ni sesongar er nordmannen svært populær i Rangers. Hans svenske lagkamerat, målvakta Henrik Lundqvist, greidde ikkje å snakke om at Zucca ikkje lenger er i klubben.

  • Gråtkjøvd Lundqvist greier ikkje å snakke om at Zucca forlèt klubben:
Laster Twitter-innhold

Dallas er nummer sju i Western Conference og har dermed sjanse til å nå sluttspelet når grunnserien er slutt første veka i april. 20 kampar står att.

5. mars skal Dallas møte New York Rangers.

Siste nytt

  • Kane berga poeng for Tottenham

    Harry Kane og Gylfi Sigurdsson scora to mål kvar og sørga for at det vart uavgjort mellom Tottenham og Everton fredag kveld. Begge lag trengde sårt poeng i kampen om å sikre seg meisterligaspel, men Spurs måtte sjå at dei mista leiinga to gonger i kampen.

    Joshua King kom inn på bana for Everton i sluttminutta og fekk ein kjempesjanse.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Peter Powell / AP
  • Sørloth sende ballen høgt over

    Alexander Sørloth kom inn som innbytar for Leipzigs og hadde ein svær sjanse, men ballen gjekk høgt over i eit skuffande 0-0-oppgjer mot Hoffenheimen fredag.

    Like før slutt heada ein tydleg oppgitt Sørloth ballen over mål.

    Håvard Nordtveit kom inn nesten samtidig med Sørloth for Hoffenheim, og var nok den som kunne vere mest glad for poengdelinga i dag.

    Alexander Sørloth
    Foto: Carmen Jaspersen / AP
  • Hykkerud til Athen

    Tidlegare landslagsspelar Joakim Hykkerud er fristilt frå kontrakten i Drammen for å spele for AEK Athen ut sluttspelet i europacupen. Han skal i aksjon alt i morgon i første semifinale mot Gorenje.

    Taper dei semifinalen over to oppgjer reiser han heim. Går dei til finalen blir han ut mai.

    – Eg gler meg heilt sjukt til å spele desse kampane, seier han til NRK.

    Hykkerud til Athen
    Foto: Privat

Sendeplan

Kl. Program Kanal