Eit kvarter før full tid blei svensken bytta inn. 75.000 på Old Trafford reiste seg og gav Zlatan enorm aplaus.
Han scora ikkje, men var nære på i sluttminuttet. Men volleyskotet blei redda av Newcastle-keeperen.
Zlatan Ibrahimovic blei korsbandsskadd i april. Lenge var det usikkert om han skulle halde fram i United, og kor lang tid det ville ta før han i det heile skulle vise seg på ei bane.
Men han er tilbake. Mot Newcastle var han for første gong på benken, og fekk altså med seg dei siste minutta, og sin første kamp på 216 dagar.
Dwight Gayle gav Newcastle leiinga etter eit kvarter. Først då åtte minutt stod att av omgange utlikna Anthony Martial, og i omgangens siste sekund sende Chris Smalling heimelaget i føringa.
Etter pause var det nesten einvegskøyring. Paul Pogba og Romelu Lukaku fekk teljande resultat.
Stillinga blant topp tre er uendra etter at også Manchester City og Chelsea vann klart.
City held si leiing på åtte poeng med 2-0 over Leicester med mål av Gabriel Jesus og Kevin de Bruyne like før og like etter pause. Chelsea var kompromisslause og vann 4-0 over West Bromwich, der Eden Hazard scora to av måla.
Arsenal er i ryggen på Tottenham etter 2-0 i naboopgjeret, og Liverpool er også berre poenget bak Tottenham etter 3-0 over Southampton.