Zlatan-dobbel gav United-jubel

Zlatan Ibrahimovic har ikkje brukt lang tid på å spele seg inn i Manchester United-fansens hjerter. I dag viste han igjen kva han er god for i 2-0-sigeren mot Southampton.

FBL-ENG-PR-MAN UTD-SOUTHAMPTON

JUBELSIGNERING: Zlatan Ibrahimovic har hatt ein strålande opning på Manchester United-karrieren.

Foto: OLI SCARFF / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

I sin første Premier League-kamp på Old Trafford fekk Zlatan vise seg fram for heimetilskodarane. Med to mål blei svensken forskjellen på laga.

– Viss laget gjer det bra, gjer eg det bra. Det er ikkje so farleg for meg kven som skårar, sa svensken etter kampen.

Zlatan har skåra tre av Uniteds fem mål på to kampar i Premier League denne sesongen.

Draumeopning

For det har blitt ei særs god opning på Manchester-karrieren til Zlatan. Allereie i sin første kamp trengte han berre 3 minuttar for å vise seg fram med ei brasseskåring frå åtte meter.

I debuten i Premier League mot Bournemouth forrige helg skåra han også i 3-1 sigeren.

Og i dag stanga han kontant inn eit innlegg frå Wayne Rooney, trass i at han ikkje er kjend for å vere den beste på hovudet. Då Luke Shaw skaffa United ein straffe i andreomgang var det liten tvil om kvens om skulle ta den.

Zlatan viste seg tilliten verdig, og sendte Southampton-keeper Fraser Forster i feil hjørne.

Pogba-debut

Zlatan var ikkje den einaste nysignerte stjerna som viste seg fram på «drømmenes teater» i kveld. Tidenes dyraste signering, Paul Pogba, fekk sine første minuttar i comebacket for Manchester Untied i kveldens kamp. Franskmannen har blitt kjend for sin enorme ballkontroll og høge kapasitet i Juventus, og viste raskt fram sin eksepsjonelle teknikk på Old Trafford.

Blant anna då han lobba gjennom Juan Mata som stussa vidare til Zlatan. Svensken holdt på å saksesparke ballen inn i nettet. Eller då han triksa seg rundt tre Southampton-spelarar og vann eit innkast, til stor applaus frå tribuna.

SOCCER-ENGLAND-MUN-SOU/

FINESSE: Paul Pogba viste fleire gonger fram sin slepne teknikk i løpet av kampen.

Foto: Darren Staples / Reuters

Blekkspruten Paul har tydelegvis funne seg til rette i Manchester. I andreomgang forsette han å vise sine ballferdigheiter med fleire vakre forseringar og lekre pasningar.

Lo seg gjennom intervjuet

Etter kampen var både Pogba og Zlatan i perlehumør, og tydeleg glade for å spele på same lag.

– Det er herleg å vere heime. Det var ein fantastisk kamp, og sjølvsagt utruleg godt å få ein siger i debuten min, sa Pogba.

Men då han fekk spørsmål om ein situasjon på slutten der han var nær å skåre, brydde Zlatan seg tydelegvis litt meir om kven som skåra måla.

– Han skulle ha sentra til meg, braut svensken lattermildt inn.

– Eg må sjå det igjen i reprise, prøvde Pogba seg på, før svensken igjen avbraut.

– Neste gong sentrar du. Det har ikkje noko å seie kven som skårar, men du skulle ha sentra til meg.

Pogba rakk ikkje å svare meir før dei to braut ut i latter.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint
V-cup alpint: slalåm 1. omgang, menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang, kvinner
V-cup alpint
V-cup alpint: slalåm 1. omgang, kvinner
V-cup skiskyting: Stafett menn
V-cup skiskyting
V-cup skiskyting: stafett menn