Hopp til innhold

Zakia (22) klarte å evakuere frå Taliban-regimet: – Måtte veive med skjerfet som ein «gal»

TOKYO (NRK): For afghanske Zakia Khudadadi og Hossain Rasouli var det tragisk når draumen om dei paralympiske leiker vart knust. Så kom redninga – etter ein hjarteskjerande video sendt frå den eine afghanske kvinna.

Sjå kampen og videoen til Zakia Khudadadi her.

Torsdag gjekk taekwondo-utøvar Zakia Khudadadi inn på den raude matta i Makuhari messehall, klar til dyst mot Ziyodakhon Isakova frå Usbekistan. Det skjedde mot alle odds.

Ho og lagkamerat Hossain Rasouli hadde i utgangspunktet gitt beskjed om at dei ikkje ville delta i Paralympics, etter at Taliban erobra hovudstaden og kaoset på flyplassen nådde toppunktet.

– Det blei eit stort mareritt for meg og min familie, sa Khudadadi den gong, ifølge CBS.

Opningsseremonien gjekk utan dei to utøvarane til stade, men så kom kontrabeskjeden.

Utøvarane kom seg ut av landet – og det var ei lang og skremmande reise.

Trygla om hjelp

Då Taliban erobra Kabul i midten av august, sat Khudadadi og Hossain Rasouli (27) fanga i heimlandet sitt, utan moglegheit til å kome seg ut. Flyprisane steig i været, før avgangane deretter blei kansellert.

Dermed måtte Den afghanske paralympiske komité gi meldinga om at Khudadadi og Rasouli ikkje kom til å delta i årets utgåve av Paralympics.

Khudadadi skulle bli den første kvinnelege utøvaren frå Afghanistan i dei paralympiske leikane sidan Athen i 2004, og den første nokosinne i sporten taekwondo. Det å miste den moglegheita, var vanskeleg å takle.

Zakia Khudadadi asks to be allowed to participate in the Tokyo Paralympics

NØDSKRIK: Zakia Khudadadi i videoen filma frå Afghanistan.

Foto: Zakia Khudadadi / Reuters

Det sette tankane i sving hjå den paralympiske kvinna, som låg ut fleire videoar på sosiale medium, der ho bad inderleg om hjelp.

– Eg ber dykk alle, på vegner av meg sjølv som afghansk kvinne og som ein representant for alle afghanske kvinner, om å hjelpe meg, sa Khudadadi, ifølge Reuters.

Vidare sa ho:

– Vær så snill, eg ber dykk alle. Spesielt alle kvinner frå heile verda, dei kvinnelege institusjonane og FN, om ikkje å la retten til ei kvinneleg statsborgar frå Afghanistan i den paralympiske rørsla, bli tatt vekk så lett.

Blei evakuert – mot alle odds

Dei orda frå Khudadadi sette i sving ein global redningsaksjon, og omsider kom dei afghanske utøvarane seg til flyplassen i Kabul.

– Det at dei ikkje fekk delta var ein knusande beskjed å få for alle som er involvert i den paralympiske rørsla. Meldinga starta ein stor, global operasjon, som førte til at utøvarane blei trygt evakuert frå Afghanistan til Paris og Tokyo, sa Andrew Parsons, president i Den internasjonale paralympiske komité (IPC), i pressemeldinga.

Yakia og Hossain Rasouli

EVAKUERT: Zakia Khudadadi og Hussain Rasouli i bilen på veg til Tokyo.

Foto: AP

Leiaren i Human Rights for All, Alison Battison, fortel at utøvarane blei guida til flyplassen ved hjelp av GPS-signal, og at dei måtte ta med skjerf for å klare å bli identifisert av dei militære troppane, mellom dei enorme folkemengdene.

– Pengar, pass og papir måtte gøymast i undertøyet, og då dei skulle passere Taliban sin tryggleikskontroll, skulle dei ta opp skjerfa sine og veive som ein «gal», fortel Battison vidare til New York Times.

Det skulle dei gjere for å trekke til seg merksemd. Og det fungerte.

Khudadadi og Rasouli flaug først til Dubai, før dei tura vidare til Paris. Der var utøvarane i fleire dagar for å førebu seg til konkurransane, og laurdag landa utøvarane trygt i Tokyo.

Yakia og Hossain Rasouli

PÅ PLASS: Zakia Khudadadi og Hussain Rasouli.

Foto: AP

Ein stor familie

Opningskampen til Khudadadi torsdag, enda med tapet 17–12 etter tre rundar (5-6, 7-2, 5-4), men det er ikkje tvil om at deltakinga betyr noko meir enn både sigrar og medaljar.

Isakova og Khudadadi

HISTORISK: Dette er første gong sporten taekwondo står på programmet i Paralympics.

Foto: IVAN ALVARADO / Reuters

Dei afghanske utøvarane er blitt skjerma frå pressen, men motstandar Isakova stilte opp i pressesona etter kampen, og då kom det naturleg mange spørsmål om motstandaren.

Og det var ikkje tvil om at Isakova var både glad og rørt over at Khudadadi kom seg til Tokyo.

– Eg er glad for at ho er her. Ho er ein god utøvar. Vi er alle venner, vi i 49-kilosklassen, seier Isakova. Deretter bad ho alle dei frammøtte om å flytte seg, slik at ho kunne få sjå neste kamp som føregjekk på skjermen bak.

Då var det ein annan ven av Isakova som var i elden.

Khudadadi

STORT AUGEBLIKK: Khudadadi tapte også sin andre kamp, men ho kom seg til dei paralympiske leikene – og det er det som betyr noko.

Foto: Shuji Kajiyama / AP

Håpet om fred

Dermed fekk begge dei afghanske utøvarane delta i Paralympics. Rasouli konkurrerte onsdag i lengdehopp, då han ikkje rakk si eiga sprintkonkurranse tidlegare i veka.

– Gjennom deira deltaking i leikane og prestasjonane i konkurransen, ber utøvarane om håp, fred og solidaritet for menneska i Afghanistan og i verda, seier den Internasjonale Paralympiske komité.

Det utsegna stiller leiaren i den afghanske para-komiteen seg bak.

– Eg trur vi alle kan levere det sterke bodskapet om at fredeleg sameksistens er best for menneska. Vi bør behalde og verne om fred, for krangel og negativ kjensle øydelegg menneska, seier Arian Sadiqi.

Den hjarteskjerande videoen frå Khudadadi som hadde sett i gong ein gigantisk redningsoperasjon, enda til slutt med idrettsglede og at ein ny milepæl vart nådd.

– Vi gav aldri opp håpet, på lik linje som alle utøvarane her i Tokyo 2020. Det viser at idretten og gleda over den kan bringe menneske saman i fred, avsluttar presidenten.

Siste nytt

  • Skadet Hegerberg ute av landslagstroppen

    Norge må starte EM-kvalifiseringen uten stjernespiss Ada Hegerberg (28).

    – Ada ble skadet i en kamp. Det var en takling, et spark. Hun har veldig god framgang, og vi håpet virkelig at hun skulle bli klar til denne samlingen. Hun ønsker virkelig å bli klar. Hun har gjort alt hun kunne, men denne samlingen kommer litt for fort, sier landslagssjef Gemma Grainger til NRK.

    Også kaptein Maren Mjelde (34) er ute av troppen med skade. Verken Hegerberg eller Mjelde har vært i kamptroppene for sine respektive klubblag den siste tiden. Dermed har de blant annet gått glipp av kvartfinalene i mesterligaen, der Hegerbergs Lyon og Mjeldes Chelsea begge har tatt seg videre.

    Norges Fotballforbund presenterte skjærtorsdag uttaket til de kommende EM-kvalifiseringskampene. Norge spiller hjemme mot Finland 5. april og borte mot Nederland fire dager senere.

    – Hovedmålet er så klart å bli blant de to beste i gruppa. Vi ønsker å kvalifisere oss direkte til EM. Målet er også å prestere godt i disse kampene, og for laget å ha en klar identitet i spillet. Jeg ønsker at laget skal bli bedre for hver kamp, sier landslagssjef Gemma Grainger i en pressemelding fra fotballforbundet.

    Synne Jensen, som har scoret mye for Real Sociedad i spansk fotball, er inne i Norges A-tropp for første gang siden 2021. Fortsatt er det ingen Emilie Haavi å se i troppen tross godt spill i Roma.

    Troppen:

    Målvakter: Aurora Mikalsen (Brann), Cecilie Fiskerstrand (LSK Kvinner), Guro Pettersen (Werder Bremen).

    Backer: Tuva Hansen (Bayern München), Guro Bergsvand (Brighton), Thea Bjelde (Vålerenga), Marit Bratberg Lund (Brann), Mathilde Harviken (Rosenborg), Marthine Østenstad (Brann), Emilie Marie Woldvik (LSK Kvinner).

    Midtbanespillere: Ingrid Syrstad Engen (Barcelona), Vilde Bøe Risa (Atlético Madrid), Karina Sævik (Vålerenga), Lisa Naalsund (Manchester U.), Frida Maanum (Arsenal), Justine Kielland (Brann), Guro Reiten (Chelsea), Elisabeth Terland (Brighton), Signe Gaupset (Brann).

    Spisser: Caroline Graham Hansen (Barcelona), Sophie Román Haug (Liverpool), Celin Bizet Ildhusøy (Tottenham), Synne Jensen (Real Sociedad).

    (NTB)

    muQhvzRI73c
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Reitens Chelsea videre i Mesterligaen

    Guro Reiten og hennes Chelsea tok seg komfortabelt videre til Mesterligaens semifinale etter 1-1 hjemme mot Ajax onsdag kveld.

    London-klubben vant 3-0 borte og ledet også 1-0 på Stamford Bridge, men Ajax utlignet etter en drøy time.

    Reiten slo den målgivende pasningen da Chelsea scoret. Hjemmelaget vant ballen høyt og ballen endte hos nordmannen. Reiten tok den med seg noen meter fremover i banen før hun spilte gjennom til Mayra Ramírez som var sikker alene med keeper.

    Chelsea møter vinneren av kampen mellom Brann og Barcelona torsdag.

    Guro Reiten
  • Napolis Jesus skuffet over utfallet av rasismesak

    Italias fotballforbund straffer ikke Inters Francesco Acerbi etter påstander om rasisme. Napolis Juan Jesus kjenner på «bitterhet» over avgjørelsen.

    Det var i Serie A-oppgjøret mellom Napoli og Inter tidligere i måneden at Acerbi skal ha uttrykt seg rasistisk til Jesus.

    Acerbi beklaget etter hendelsen, men benekter å ha kommet med noen rasistiske bemerkninger. Han måtte likevel reise hjem fra landslagssamlingen med Italia mens forbundet etterforsket saken. Tirsdag ble den skrinlagt på grunn av manglende bevis.

    – Selv om jeg respekterer avgjørelsen, har jeg problemer med å forstå den, og jeg kjenner på bitterhet, sier Jesus i en uttalelse Napoli har publisert på sine nettsider.

    – Jeg er skuffet over utfallet av en alvorlig sak som jeg håndterte som en «gentleman», for å unngå å stoppe en viktig kamp. Jeg frykter at denne avgjørelsen vil sette et uheldig eksempel som rettferdiggjør en viss type oppførsel.

    Acerbi risikerte å bli utestengt i opp mot ti Serie A-kamper og deler av sommerens EM hvis han hadde blitt kjent skyldig.

    – Jeg har vært profesjonell i 20 år, og jeg vet hva jeg sier. Det kom ikke den typen ord ut av munnen min, det var han som misforsto, sa Acerbi like etter kampen.(NTB)

    Juan Jesus
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal