Med ei scoring på overtid sikra Zahid Vålerenga 3-2 over Brann på Ullevaal. Det var klubbens fjerde strake siger etter ein svært trøblete sesong fram til midten av juli.
Så fekk Vålerenga løyst kabalen med trenar og sportsleg leiar.
– Med Erik (Espeseth) og Ronny (Deila) på plass har roen senka seg over klubben. For lenge var det ein kamp om å overleve. No har vi fridd oss frå det, og dermed kan vi sleppe oss meir laus alle mann. Då er det lettare å vinne fotballkampar også, seier Rekdal til NRK.
– Deilig å vere matchvinnar
Brann hadde grepet om spelet og fleire gode sjansar på stillinga 2-2 i sluttminutta.
Så var Zahid på rett plass til rett tid to minutt på overtid, og sette inn sitt andre mål i kampen.
– Det smakte godt, det er deilig å vere matchvinnar. Men tre poeng var det viktigaste i dag, sa matchvinnaren til TV 2 etter Vålerengas fjerde siger på rad.
Vålerenga fekk dermed revansje for 4-1-tapet i Bergen 9. juli – sist Vålerenga tepte ein kamp. Trenar Kjetil Rekdal slo nesten salto ute på sidelinja i rein glede då kampen var over.
– Det beste er at vi kan peike nase til alle besserwisarane som sa at vi ikkje hadde noko plan over det vi gjer, og at alt er tilfeldig. Vi har ein godt gjennomarbeidd plan, og når det tek til å synest, blir det vanskelegare og vanskelegare å slå oss også, seier Rekdal.
– Vondt inn i hjarterota
SKUFFA: – Det riv langt inn i hjarterota, sa Brann-trenar Lars Arne Nilsen
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix– Det riv langt inn i hjarterota. Vi hadde store sjansar til å punktere kampen. Så glepp det på overtid. Vi er veldig skuffa akkurat no, vi skulle hatt tre poeng i dag, sa Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.
Han ergrar seg over Fredrik haugens store sjanse like før slutt, medan det framleis var 2-2.
– Han er vanlegvis sikker på slike sjansar. Men vi kan ikkje grave oss ned. Det var nok ein god kamp for publikum, sa ein skuffa Nilsen.
Som ser fram til neste kamp – mot Rosenborg heime i Bergen.
Men det var ein jamn kamp som kunne vippa begge vegar. Vålerenga snudde 0-1 til 2-1 i ein fartsfylt førsteomgang. Brann kom seg inn igjen i kampen og utlikna tidleg i andre omgang.
Deretter var det ein stillingskrig som kunne vippa kampen begge vegar.
Heilt til Zahid avgjorde på overtid.