F201604300902301
Foto: Cerveny Michal / CTK

Sagan tilbake i skogen

Peter Sagan var verdas beste junior i terrengsykling før han byrja å leike med verdseliten i landeveg. No har den slovakiske sykkelartisten bestemt seg for å igjen sette seg på terrengsykkelsetet under OL i Rio.

– Peter Sagan på startstreken er ein sensasjon. Han er i stand til å utføre mirakel på sykkelen. På ein draumedag er han på podiet.

NRKs sykkelekspert Dag Erik Pedersen hyllar talentet til den slovakiske sykkelstjerna Peter Sagan.

Medan resten av verdas beste syklistar kjempa om medaljar på OLs opningsdag, skal Sagan jakte edelt gull i terrengrittet som avsluttar leikane.

Det skjer faktisk på kostnad av Slovakias antatt beste terrengsyklist, som har måtte vike for den store stjerna.

Kan «Hulken» frå Slovakia nok ein gong skake sykkelverda og ta medalje i Rio?

Regnbogeklatten

Peter Sagan er sykkelidrettens store rockestjerne, rebell, og idol. I tillegg til å vere rå på sykkelen, byr han på seg sjølv også utanom det sportslege.

Med gebrokken engelsk har han alltid eit godt svar på lur i samlege intervju. Og med glimt i auget har han spelt inn parodiar på Forrest Gump, Rocky og Gladiatoren. Han har til og med kopiert den ikoniske dansescena i Pulp Fiction. Og la oss ikkje gløyme den velkjende sangscena frå Grease.

– Han fenger til og med dei som ikkje likar sykkel, seier tidlegare syklist Thor Hushovd.

– Sagan er uortodoks på alle måtar. Han er ein positiv fargeklatt i sykkelsirkuset, som byr på seg sjølv. Han gjer ting som ikkje står i noko treningslærebok, og han er verkeleg ingen A4-utøvar, seier sykkeltrenar Atle Kvålsvoll.

Hjartebarnet

Men sjølv Peter Sagan meina han ikkje hadde sjanse på medalje i den knalltøffe OL-løypa i landevegssykling, der Chris Froome, Alejandro Valverde, og dei beste klatrarane var rekna som favorittar.

Difor vender han no attende til røtene sine, for å kjempe om medalje i terrengsykling.

Og akkurat det å gjere eit slik grep er typisk Sagan, som elskar utfordringar, og som har sørga for mykje merksemd til sykkelsporten. Det har han gjort heilt sidan han kom som eit frisk pust inn i landevegssyklingen etter å ha starta karrieren på terrengsykkelen der han hanka med seg både VM- og EM-gull frå juniormeisterskapa.

– Terrengsykling var min første kjærleik. Etter eit år med det byrja eg med landevegssykling. No er det det som er jobben min, sa Sagan til Cycle Sport Magazine i fjor.

F201604300892201

RUSTEN: Sagan har delteke i eit par terrengsykkelritt i år, men er det nok til å hevde seg i OL?

Foto: Cerveny Michal / CTK

Men no skal Sagan attende til den gamle jobben sin. Hushovd trur det er for å vise at han kan oppnå alt som syklist.

– Eg trur det er draumen hans, å gå attende til der han byrja. Det er dette som ligg djupast i hjartet hans. Det er det han inst inne vil.

Og sjølv om ekspertane seier det blir krevjande å ta medalje, er det vanskeleg å avskrive verdas mest komplette syklist.

– Han har dei fysiske føresetnadene for å lukkast. Det blir spennande å følgje han, seier Hushovd.

– Han var i kanonform i Tour de France, klarar han å konvertere det til «skogen», er han i favorittsjiktet, seier Dag Erik Pedersen.

Nokon som derimot ikkje er like sikre på Sagans sjansar, er Julien Absalon og Nino Schurter, to av dei største terrengsyklistane gjennom tidene.

– Det er fantastisk at Sagan skal vere med oss i OL, og han kjem til å gje oss masse merksemd. Sjølv om han har eit stort talent, trur eg derimot at han har for lite erfaring til å vere med å prege løpet, seier Schurter til Cycling Tips.

Absalon, som har to OL-gull frå før, trur det kan bli kjekt å ha Sagan med i feltet

– Han manglar nok mykje løpsrytme, men det blir spennande å sjå kva han kan få til.

Stiller dei andre i skuggen

Switzerland Cycling Tour de France

POENGTRØYA: For femte år på rad stilte Sagan resten av verdseliten i skuggen, då han vann den grøne poengtrøya.

Foto: Peter Dejong / Ap

Men den skinande medaljen har som kjent alltid ei bakside

For Peter Sagan har fått plassen som ein annan slovak har skaffa.

Det er nemleg Michael Lami som har gjort at Slovakia får sende ein terrengsyklist til OL. Han er ranka som nummer 46 i verda, med 599 UCI-poeng. Peter Sagan er ranka som nummer 883, med 25 poeng. Dei fekk han etter å komme på fjerdeplass i eit UCI-ritt i Tsjekkia i vår.

Tre av fire framom han i det løpet har dårlegare ranking enn Lami. Det er fleire som har reagert på utelatinga av Lami, blant anna tidlegare verdsmeister Thomas Frischknecht.

– Det er kult at Sagan skal vere med, men det er mindre kult at Michael Lami ikkje får vere med, og blir etterlaten i støvet.

Men det slovakiske sykkelforbundet hadde størst tru på medaljesjansane til Peter Sagan, som no skal forsvare æra til Slovakia i terrengsyklingsrittet. Med forma han har vist denne sesongen, kan det vere eit lurt trekk.

Den komplette syklist

– Viss eg mistar den gule trøya har eg den grøne trøya, og viss eg mistar den grøne trøya har eg regnbogetrøya.

Peter Sagan i sitt sedvanlege gode humør under pressekonferansen etter at han sikra seg den gule trøya på den andre etappen av Tour de France i år.

Men då han kom i mål på etappen, var det ingen jubel å spore hos 26-åringen. Sjølv om han knuste resten av feltet i ein bratt spurt, trudde han at det låg to ryttarar framom.

Det var det ikkje.

For første gong i livet kunne han ikle seg «Malliot Jaune». Den sagnomsuste gule trøya i verdas største sykkelritt. Men som han sjølv påpeika, under hadde han verdsmeistertrøya.

Og det var noko spesielt med årets Tour de France for Sagan. For første gang fekk han sykle ein Grand Tour i regnbogetrøya.

CYCLING-FRA-TDF2016-BREAKAWAY
Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

I tillegg vann han den grøne trøya, og tok tre etappesigrar. Det er første gong sidan 2013 han vinn ein etappe i Tour de France. Men det var ikkje berre resultata som imponerte ei heil sykkelverd, det var måten han fekk dei på.

På den niande etappen suste han av garde i dei bratte nedoverbakkane, og tok igjen utbrytarane. Etterpå sikra han seg viktige poeng i den innlagde spurten, og knappa inn på forspranget til Mark Cavendish i kampen om den grøne trøya.

Og på den 11. etappen, der dei beste spurtarane skulle hamle opp om sigeren, bestemte Sagan og Chris Froome seg for å stikke frå resten av feltet. Med seg fekk dei to hjelperyttarar, og feltet klarte aldri å hente dei inn.

Spurten mot Froome hadde Sagan få problem med å ta.

Alexander Kristoff vann spurten i hovudfeltet, men slo handa i styret, og var tydeleg misfornøgd med den taktiske manøveren til Sagan og Froome.

– Sagan er verdas mest komplette syklist, seier Dag Erik Pedersen.

Rebellen

Men det er ikkje berre prestasjonane på sykkelsetet som har gjort Peter Sagan til ein av idrettens største personlegheitar. Under premieutdelinga av Flandern rundt i 2013 klypte han ein av dei kvinnelege podiumjentene i rumpa. Ei handling han seinare måtte beklage.

CYCLING/FLANDERS RadioShack team rider Cancellara smiles as he is kissed on the podium of the 97th Ronde van Vlaanderen Classic cycling race in Oudenaarde

PODIUMJENTER: Peter Sagan har vist sin kjærleik for podiumjenter ved fleire høve.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Då han tidlegare i vinter blei spurt om han var syklingas Zlatan Ibrahimovic, svarte han:

– Kven er Zlatan Ibrahimovic?

CYCLING-TOUR/ Team Saxo-Tinkoff rider Contador of Spain talks with Cannondale team rider Sagan of Slovakia during the 191 km fourteenth stage of the centenary Tour de France cycling race from Saint-Pourcain-Sur-Sioule to Lyon

SPESIALSYKKEL: Under Tour de France i 2013 sykla Sagan på sykkel med Hulken-motiv på

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Og då ei kvinneleg fan spurte om autografen under Tour de France, signerte han sjølvsagt ho på puppen.

Det er langt ifrå alle idrettsutøvarar som får kallenamn, men Peter Sagan har likså godt gitt seg sjølv eit kallenamn, eller to. I Tour de France i 2012 bevegde han armane att og fram i det han kryssa mållinja, slik at det såg ut som han jogga inn i mål.

Det var fordi han ville sjå ut som Forrest Gump, som alltid fekk beskjed om å springe

Men det var på den sjette etappen i den same Touren at kallenamnet som verkeleg har hengt ved slovaken blei fødd.

Etter å ha knust resten av feltet i spurten, reiste han seg opp, og stramma det han hadde av musklar. Med den knallgrøne poengtrøya på seg, meinte han sjølv at han likna på Hulken. Det var mange einige i, og det gjekk ikkje lenge før han hadde både spesiallaga sykkel og hjelm med Hulken på.

Mykje skal klaffe om Sagan og superkreftene hans tek medalje i Rio, men om det er ein som kan klare det, er det Peter Sagan.