Los Angeles Lakers guard Brown slam dunks over top of Phoenix Suns guard Richardson in Los Angeles
Foto: Pool / Reuters

Når det lønner seg å tape

Toppidrettsutøvarar vil gjere alt for å vinne, men kva med når det er best å ikkje gjere det? Å tape frivillig er eit velkjent fenomen i amerikansk lagidrett.

Denne helga starta basketballen i USA opp igjen. 22 av 30 lag skal kjempe om plassen i sluttspelet. Dei åtte andre som låg dårlegast an er ferdigspelt for sesongen. Akkurat slik dei håpa. Fleire lag tapar nemleg kampane sine med vilje. For det vil gi dei ein fordel inn mot neste sesong.

Me er ikkje vane med å sjå det i Europa. Lag som tapar kampar med vilje. I den amerikanske lagidretten er det derimot vanlegare med såkalla «Tanking» – eller tape frivillig. Årsaka er ein vesentleg skilnad i sportsmodellen.

Pengane rår

I 1935 samla klubbeigarane i amerikansk fotball seg. Der blei dei einige om å innføre den første spelar-draften.

I amerikanske idrettar som basketball, ishockey og amerikansk fotball så er det ikkje opprykk og nedrykk. Laget som gjer det dårlegast i føregåande sesong vil ha det største sannsynet for å kunne velje først blant unge talent som har spelt i college-ligaen. I denne draften får laga velje i rekkefølge utifrå der dei hamna på tabellen førre sesong.

Det er mogleg å skifte spelarar ved sidan av draften ved at spelarar blir bytta bort mot ein annan, men det er sjeldan pengar involvert, slik me er vane med i Europa. Denne modellen har sine klare fordelar, men byr også på eit stort problem.

For kvifor ha ein draft, og ikkje systemet med kjøp og sal som me er vane med i Europa? Jo, for draften har sine fordelar. I fotball har me mange eksempel på at størrelsen på lommeboka avgjer kven som gjer det bra. Laga i England med høgast budsjett gjer det som regel best.

Sju av ti lag som betalar mest i løningar er også blant dei som hamna innanfor topp ti på tabellen. Både Norwich og Aston Villa er blant dei som betalar minst. Norwich enda sist, og Aston Villa klarte å berge plassen, så vidt.

I basketball, ishockey og amerikansk fotball så er spelereglane heilt annleis. Alle laga har det same lønstaket som dei må ta omsyn til. I NBA (National Basketball Association) så er lønstaket for laga på om lag ein milliard kroner.

På grunn av det så går det ikkje an å berre hente alle dei beste spelarane. Laga må vurdere nøye korleis ein kan få det beste samansette laget av dei midlane ein har tilgjengeleg, seier Arnstein Friling, som er kommentator for Viasat og ekspert på NBA og NFL (amerikansk fotball).

Michael Jordan blei vald som tredjemann, av Chicago Bulls i draften i 1984

TREDJEVAL: 21 år gamle Michael Jordan blei den tredje som blei vald i draften i 1984. Det skulle vise seg å vere eit bra draft-val av Chicago Bulls. Jordan blir sett på som den beste basketballspelaren gjennom tidene.

Foto: CHARLIE KNOBLOCK

Sjølve poenget med draften er å få ein liga som er tett, jamn og underhaldande. På spørsmålet om dei lukkast med å gjere ligaen jamn samanlikna med til dømes fotballen i Europa så begynner han med å le.

– Har du høyrd om Bayern München, Real Madrid og Barcelona? Det er jo dei same laga som er i toppen kvart einaste år. I USA er det heilt annleis. I til dømes NBA har ein New York Knicks, som held til i den største byen i USA, og som har ein stor merkevare. Dei burde vore eit bra lag, viss ein hadde hatt same modell som i Europa. Men dei har vore blant dei dårlegaste laga i 30–40 år, rett og slett fordi leiinga har drive klubben dårleg, seier Friling, som også kommenterer championship-fotball for Viasat.

Det blir med andre ord vanskeleg å kjøpe seg til suksess. Utvikling, sjå etter dei gode draft-vala og spelarutvikling blir derfor enda viktigare for desse laga.

Utnytte ein kvar fordel

Sportshistoria har sine tilfelle der det ikkje har lønt seg å vinne kampen. I OL i 2012 gjorde åtte badmintonspelarar sitt ytste for å tape den siste gruppespel-kampen.

Ved å tape kampen ville dei fire double-laga få ein enklare veg vidare i sluttspelet. Konsekvensen var at dei blei kasta ut av OL.

Laga frå Kina, Indonesia og to lag frå Sør-Korea gjer det dei kan for å prøve å tape den siste gruppespelkampen. På den måten skal dei få ein enklare veg i sluttspelet.

Laga frå Kina, Indonesia og to lag frå Sør-Korea gjer det dei kan for å prøve å tape den siste gruppespelkampen. På den måten skal dei få ein enklare veg i sluttspelet.

I 1998 blei Musyid Effendi utestengd frå all internasjonal fotball. Det skjedde på grunn av ein kamp mellom Thailand og Indonesia i søraust Asia – meisterskapet. Begge laga var sikra avansement til semifinalen, og vinnaren av kampen ville møte Vietnam i semifinalen. Vietnam var store førehandsfavorittar til å vinne turneringa.

På stillinga 2–2 på overtid skjer det absurde. Indonesiske Effendi set ballen i eiget nett. Med vit og vilje. Indonesia møtte med det Singapore i semifinalen, medan Thailand måtte møte Vietnam. Begge laga som gjorde sitt for å tape kampen, tapar også semifinalane sine. Ironisk nok enda Singapore opp med å slå Vietnam i finalen.

Nokon gonger må du tape kampen for å vinne krigen

Ukjent

Eit gammalt utsegn som blei brukt i krigssamanheng. Men det kan enkelt bli knytt til sportens verd. For historia har fleire eksempel på at det ikkje alltid løner seg å vinne om ein skal stå igjen som sigerherre til slutt.

For i den karibiske cupen i 1994 skulle ein merkeleg regel rundt golden goal gjere at det ikkje lønte seg for Barbados å vinne etter ordinær tid. Arrangørane hadde bestemt at alle kampar skulle ha ein vinnar, også i gruppespelet. Etter ordinær tid ville kampen gå til golden goal om det var uavgjort. I den siste kampen mot Grenada var Barbados avhengige av å vinne kampen med to mål for å gå vidare frå gruppa.

Dei leia 2–1 da det stod att nokre minuttar av kampen, forsvarsspelar Terry Sealey bestemmer seg da for å sette ballen i eiget mål til 2–2. Kampen går med det til golden goal, der første målet vinn kampen. Det burde vel da vere umogleg for Barbados å gå vidare, sidan dei måtte vinne kampen med to mål for å avansere?

Nei da, for arrangørane hadde også ein annan spesiell regel i denne turneringa. Golden goal-målet var verdt to mål. Barbados skårar i ekstraomgangane, og vinn kampen 4–2 og går vidare på kostnad av Grenada.

Personen som kom på desse reglane må vere ein kandidat til eit galehus.

Grenada-trenar James Clarkson, etter kampen.

Her ser me enkelttilfelle der siger i ein kamp ikkje er gunstig. Men i amerikansk lagidrett skjer dette kvart år. Til og med mange supporterar håpar at favorittlaget deira skal tape.

«Tank for Tua»

NFL-laget Miami Dolphins har ein delfin som maskot. På 60-talet hadde dei faktisk ein ekte delfin i ein tank.

Ei kvinne held oppe eit skilt der det står "Stop tanking", under ein amerikansk fotballkamp mellom Miami Dolphins og Washington Redskins.

«TANKING»: Ein Miami Dolphins-supporter har sett seg lei av at laget hennar tapar med vilje.

Foto: Eric Espada / AFP

I seinare tid har Miami Dolphins blitt kjend for ein annan type «tank». Mange meiner nemleg at laget dei siste åra har gjort sitt for å tape kampane sine, såkalla «tanking».

– Du ber tilskodarane om at dei skal bruke massevis av kroner for sesongkort, på eit lag som nærmast har uttalt at dei har planar om å vere elendige i tre år framover. Det er mildt sagt ein ganske risikabel strategi, seier Friling.

Det finst likevel supporterar som håpar at favorittlaget deira skal tape. Førre sesong var det mange supporterar som slang seg på emneknaggen «TankForTua». Supporterane til dei middelmåtige og dårlege laga oppmoda NFL-laga sine til å tape. På den måten skulle dei få kloa i stortalentet Tua Tagovailoa.

Miami Dolphins-fan med eit skilt der det står: "Tank 4 Tua

TANK 4 TUA: Ein Miami Dolphins-supporter med ein klar oppfordringa om at laget bør tape for å sikre seg stjerneskotet frå college, Tua Tagovailoa.

Foto: Matthew Emmons

Quarterbacken som spelte for Alabama i college-ligaen fekk ein skade i løpet av 2019-sesongen. Det uroa NFL-supporterar, så plutseleg gjekk dei frå «Tank for Tua», til «Choke for Chase», Som kan bli oversett til «Feil for Chase». Chase Young var defensive end for college-laget til Ohio.

– Dette er eit spesielt fenomen i USA. Det er så viktig å ha gode leiarar som kan ta kloke avgjerder. Mange fans er ekstremt opptekne av korleis laget bruker lønsbudsjettet sitt, og draften er ein veldig stor greie for supporterane, seier NFL-ekspert Arnstein Friling.

Tua Tagovailoa sit heime i sofaen og får vite at han blei femtevalet til Miami Dolphins under draften til NFL.

FEMTEVAL: Tua Tagovailoa (i midten framme), får på telefon vite at Miami Dolphins valde han, som laget som valde som nummer fem. På grunn av koronaviruset blei det ikkje ein felles samling under årets draft.

Foto: NFL Handout Photo / Reuters

Blesten rundt Tua Tagovailoa dalte litt undervegs i 2019-sesongen. Dermed fekk Miami Dolphins sikra seg Tua, sjølv om dei hadde femtevalet i draften. Chase Young blei vald som nummer to, av Washington Redskins.

Dei skal no endre lagnamnet på grunn av sterke reaksjonar.

– USA har eit sosialistisk system i idretten

Tanking er ikkje berre eit problem i NFL. Andre lagidrettar i USA slit faktisk meir med dette. I ein amerikansk fotballkamp er det elleve spelarar på kvart lag. I basketball er det fem. Det gjer at stjernespelarane er enda viktigare.

– Det å få ein stjernespelar til laget sitt i NBA kan vere den store forskjellen. Ein god spelar i NFL kan naturleg nok ikkje gjere ein like stor forskjell. Det er med på å gjere at draften er meir viktig i basketball. Derfor er også «tanking» eit større problem for dei, seier Friling.

Det er kanskje derfor NBA har vore blant ligaene som i størst grad har forsøkt å få bukt med «tanking». I 1985 innførte dei eit lotterisystem for å få klubbar til å slutte å tape med vilje. Laga som ikkje gjekk vidare til sluttspelet ville få lik sjanse til å få førstevalet i neste års draft.

Fem år seinare gjorde dei nye endringar. No skulle lotterisystemet bli vekta. Det dårlegaste laget ville få fleire lodd i trekninga, og det beste laget som ikkje kom med i sluttspelet ville få minst lodd. Frederik Gnatt er dagleg leiar i Gimle Basketballklubb, og er del av basketpodkasten Time Out.

– Lotterisystemet har ikkje løyst problemet med «tanking». Sjølv om sjansane er mindre for at ein får førstevalet i draften så er dei likevel større om ein gjer det dårleg, seier Gnatt.

I 2013 bestemte Philadelphia 76ers seg for at dei skulle vere dårlege i nokre år. I motsetting til mange andre lag var dei ganske opne om at dei hadde planar om å tape med vilje. Til fansen kalla dei det «The process» – prosessen som måtte til for igjen kunne bli blant dei beste. 76ers var så dårlege at dei for fem år sidan tok rekorden for den lengste tapsrekkja i NBA si historie, med 26 tap på rad.

– Laget marknadsførte til fansen: Ver tolmodige med oss. Me kjem til å vere skikkeleg ræva i fleire år, men på sikt vil dette vere det luraste for oss å gjere. Dårlege resultat gjorde at dei fekk Joel Embid og Ben Simmons som toppval i draften. Dei to spelarane gjer at 76ers kan vinne NBA i år, fortel Gnatt.

Joel Embiid går for å dunke ballen i kurven med fleire motspelarar rundt seg.

STJERNESPELAR: Joel Embiid har prestert svært godt for Philadelphia 76ers. 26-åringen gjer at laget igjen kan begynne å hevde seg.

Foto: Bill Streicher / Reuters

Mange meiner at taktikken til Philadelphia 76ers gjorde at NBA i fjor bestemte seg for å gjere nye endringar på lotterisystemet. No har dei tre dårlegaste laga lik moglegheit til å få førstevalet med 14 prosent sjanse. Sjansane går gradvis nedover til det 14. dårlegaste laget, som har 0,5 prosent sjanse til å få førstevalet.

LeBron James var førstevalet i 2003

ETTERTRAKTA: LeBron James var ekstremt ettertrakta før draften i 2003. Fleire gjorde sitt for å kunne sikre seg førstevalet i draften, og dermed også James. Cleveland Cavaliers sikra seg den gong 18 år gamle stjernespelaren.

Foto: SHANNON STAPLETON

– Basketballen blei jo sett på pause på grunn av koronaen, så me har ikkje fått sett om det nye lotterisystemet ville fått ein slutt på «tankinga», men eg trur at så lenge dei har systemet med draften så kjem me alltid til å sjå «tanking» i NBA, fortel Gnatt.

Philadelphia fekk ikkje nokon uttalt straff for taktikken deira, men NBA gjorde likevel grep mot dagleg leiar Sam Hinkie. Han var hjernen bak «The process».

– Ligaen gjekk inn i leiinga og skvisa Sam Hinkie ut. Det blei aldri sagt at det var ein straff, men NBA sørga for at Jerry Colangelo kom inn og tok meir ansvar for dei sportslege vurderingane, seier Gnatt.

Så sjølv om ligaen aldri gjekk ut og sa det, så fekk 76ers likevel ein form for straff. Men kva skal da til for at NBA offentleg går ut og straffar nokon for tanking?

Ærlegdom.

For sjølv om mange lag gjer det, så er det veldig få lag som går ut og seier at dei skal «tanke». Laga unngår gjerne å bruke sine beste spelarar eller skuldar på at dei beste spelarane er skada.

Eigaren av basketballaget Dallas Mavericks var i motsetting til mange andre ærleg om at laget burde tape med vilje.

Å tape er vårt beste alternativ

sa Mark Cuban, i Julius Springer sin basketball-podkast

Det blei sagt i ein podkast for to år sidan.

Det straffa seg for Mark Cuban. NBA gav han ein bot på om lag 5,5 millionar norske kroner for det dei kalla: «Offentlege utsegn som er skadelege for NBA».

Men bortsett frå det så finst det ikkje mange eksempel på at «tanking» blir straffa. Stort sett kjem ein unna med det, så lenge ein held kjeft.

Eigaren av Dallas Mavericks, Mark Cuban, ser alvorleg ut.

FEKK BOT: Mark Cuban fekk bot for å offentleg seie at laget han eig burde tape med vilje.

Foto: Mike Blake

To veldig ulike sportsmodellar i USA og i Europa, gjer at idretten har gått i ulik retning. Draften og lønstaket i USA gjer at det er håp for både store og små lag, men problemet er også tydeleg. Å tape med vilje strir mot idrettens prinsipp.

– Eg ser moroa i begge modellane, men eg likar veldig godt det med den amerikanske modellen at ein må vere smart for å vere god. Det hjelper ikkje berre å vere rik, avsluttar Firling.

– Det ironiske med denne modellen er at kapitalismens høgborg, USA, har eit relativt sosialistisk system når det kjem til idretten deira. Eg har sagt det til ein del amerikanarar. Da blir dei sure, seier Gnatt, og ler.